Kyrkja sin plass i Møre bispedøme er framleis sterk

Ei ny medlemsundersøking i Den norske kyrkja viser stabil oppslutning om kyrkjelege seremoniar i Møre bispedøme. Du kan laste ned heile undersøkelsen her.

Det er mange som besøkjer Hareid kyrkje i ulike samanheng. Kyrkja er aktivt i bruk gjennom heile veka, året rundt. Foto: Hareid sokn

- Det er godt å sjå at medlemmane våre opplever ei sterk tilknyting til kyrkja, sjølv i ein tid med ein fleirreligiøs kvardag, seier fungerande biskop Sinder Kulø.

8 av 10 medlemmer, 84 prosent for å vere nøyaktig, ville døypt barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no.

Det viser ferske tal frå Den norske kyrkja si medlemsundersøking. I Møre bispedøme er dette ei stabil utvikling frå tidlegare år. I 2021 var talet 79 prosent, i 2020 var det 84 prosent og i 2019 var det 82 prosent.

Kyrkja er der ved viktige livshendingar

Medlemsundersøkinga vert gjennomført annakvart år (2020 var eit ekstraår som følgje av pandemien) og ein spør om medlemmene ville vald dåp, konfirmasjon, bryllaup og kyrkjeleg gravferd.

I Møre bispedøme er det jamne tal samanlikna med tidlegare år. 72 prosent ville valt kyrkjeleg konfirmasjon om dei skulle verte konfirmert no, og 62 prosent ville vald kyrkjebryllaup.

Heile 82 prosent svarar at dei vill vald kyrkjeleg gravferd. Det er ingen skilnader mellom menn og kvinner.

85 prosent er glad for at kyrkja er der når folk treng den, og 59 prosent svarar at dei opplever at kyrkja er der ved viktige livshendingar.

Kyrkja sin plass i Møre bispedøme er framleis sterk. I kvart einaste lokalsamfunn er det ei kyrkje og gode medarbeidarar som tek imot folk i sorg og glede. Særleg viktig er kyrkja når livet opplevast ekstra sterkt, til dømes i samband med krisehandtering, seier Kulø.

Mange innom kyrkja

87 prosent av dei spurde svarar at dei har vitja kyrkja minst ein gong det siste året. Det gjeld alle former for besøk, som gudsteneste, kulturarrangement, korøvingar, besøk på kyrkjegard og andre aktivitetar. Det er den høgste vitjingsfrekvensen i landet, og ein oppgang frå 73 prosent i 2021 og 83 prosent i 2020. Det er og ein liten oppgang frå 86 prosent i 2019, året før pandemien. 53 prosent har vore innom kyrkja minst fem gongar.

75 prosent er oppteken av at kommunen må vedlikehalde kyrkjebygget, og 65 prosent svarar at dei opplever ei ro når dei er i kyrkja.

For biskopen og leiinga av kyrkja er det godt å sjå kor viktig tilknytinga til kyrkjebygga våre framleis er. Dette ser vi særleg i samband med bispevisitasar og kyrkjejubileum. Det er godt å sjå den breie eigedomskjensla mange har til kyrkja si der dei bur. Dette er ein viktig verdi å ta vare på, også i framtida, meiner Kulø.

 

Medlemsundersøkinga er gjort på oppdrag frå Kyrkjerådet og utført av Opinion frå midten av september til starten av oktober 2023.  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"