Kyrkja i lokalsamfunnet

Den norske kyrkja er ei kyrkje som både historisk, juridisk og praktisk er forankra i lokalsamfunnet og er ein viktig aktør i lokalsamfunnet. Kyrkja bidreg til ein betre plass å vekse, leve og bu og gir eit lokalsamfunn identitet, kulturarenaer, fellesskap og verdiar.

Foto: Erlend Friestad/Hareid kommune

Kyrkjene, gravplassane og Den norske kyrkja si verksemd er ein viktig del av tilbodet for innbyggjarane i kommunen. Kyrkja er eit klenodie og praktbygg dei fleste er stolte av, og som det knyttast minner og sterke følelsar til. Kyrkja brukast til både å markere sorg og glede, høgtid og kvardag. Gjennom gudstenester, kultur, aktivitetar for barn/unge og omsorgstilbod har kyrkja ei brei kontaktflate.

Trussamfunnsloven av 2020 vidarefører kommunen sin sentale rolle overfor kyrkja, og pålegger kommunen eit hovudansvar for økonomien i den lokale kyrkja. Omlag 2/3 av dei samla offentlege inntektene i Den norske kyrkja dekkast av kommunen, der utgiftsansvaret i hovudtrekk er knytta til kyrkjebygg, gravplass og administrasjon, herunder drift av kyrkjekontor. Det ligger og forpliktingar knytta til lovpålagte stillingar som klokkere, kyrkjetenar og organist/kantor ved kvar kyrkje.
Kyrkja har kompetanse på å møte menneskjer i ulike livssituasjoner og kriser, og er difor ein god samarbeidspartnar for kommunen. Kyrkjene er kulturhus med tradisjon, der både profesjonelle og frivillige bidreg med kunnskap og engasjement.

Nokre eksempel på Hareid kyrkje som samfunnsaktør i lokalsamfunnet
-Samskapingsprosessar med mange ulike aktører
-Bidreg for å skape bulyst i kommunen
-kyrkjelege handlingar (gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, gravferd)
-Trusopplæringstiltak for barn og unge mellom 0-18 år
-Diakoni/omsorgteneste
-Beredskapsråd og kriseberedskap i samarbeid med kommunen
-Opa kyrkje ved ulike hendingar. Kyrkja er ope, her er rom for alle - saman!
-Bygg gode verdiar
-Driv gravferdsforvaltning på vegne av kommunen
-Song, musikk og kultur i kulturbygda Hareid
-Engasjerer mange frivillige som bidreg for fellesskapet
-Eig og driv Hareid Frivilligsentral
-Jobber for klima og FN sine bærekraftsmål
-Arbeidspraksis i samarbeid med NAV og Ressurssenteret
-Samfunnsteneste i samarbeid med Friomsorgen

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår. Hareid kyrkjelyd har 3748 medlemmer (pr. 31.12.23), og har tilsett sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær, kyrkjetenar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. Hareid har og mange engasjerte frivillige som soknet kan spele på lag med.

Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 fulltidstilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv.

KYRKJA SOM SAMFUNNSAKTØR: Ingeborg Dybvig frå Kirkerådet (20.03.2024)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"