Historiske tilbakeblikk

I Hareid kyrkje sitt hefte frå 100-jubileumsåret i 1977 "Hareid kyrkje gjennom 100 år" v/Peder Måseide, kan vi mellom anna lese følgande historikk frå koret i kyrkja.

Historiske tilbakeblikk

KORET (utdrag frå heftet)
Dei høgtidlege handlingane dåp, konfirmasjon, vigsle og nattverd går oftast føre seg i kyrkjekoret. Altarbordet er dekt med ein kvit duk. Av slike har vi hatt fleire. Ein av dei er laga av Marie Bigset etter at ho var over 80 år. Motiva var rose og kross. Hareid husmorlag har sauma ein kopi av den gamle duken som Johan Haddal teikna.

Av altersølvet gar vi framleis kalken og disken frå kring 1660. Det heiter at Lars Liaset berga altersølvet ut frå den førre kyrkja under brannen i 1806. I 1950 kjøpte dei inn ein ny kalk i same mønster som den gamle, men lettare i bruk. Heilt fram til 1931 drakk alle nattverdsgjestane av same kalken. Av sanitære grunnar gjekk då sanitetslaga i kommunen inn for å skaffe særkalkar. 

Hareid husmorlag har gitt mange gåver til kyrkja: Blomstervasar til altaret, dåpsvasskanne og dåpsfat i sølv, 2 altardukar, raudt tøy til altaret, brudeløpar, 1/4 av konfirmantkappene, 2 stolar til bruk ved brudevigsler. Desse stolane er av eik og arbeidde ved Ulstein Møbel og Trevarefabrikk (O. Seljeset). Arthur Kihle, Leikong sto for treskurden. Sæte og ryggar er trekte med selskinn, lakkert i ein farge som står til stolfargen. Selskinnet er ei gåve frå ekteparet Anna og Johannes H. Brandal, Hareid. I mange år sytte husmorlaget dessutan for blomar på altaret under gudstenestane.

Lensmann Elias Amundsson Brandal gav eit døypefat til kyrkjevigsla i 1920. Fatet er av kopar. Ei tid var det overmåla med grønfarge, og ute på kanten stor det med gule bokstavar: "Lader de små børn komme til mig". No er målinga teken bort, og på botnen kom det farm eit rosemotiv. 

Døypefonten skal vere laga av Isak Hareide i 1871.

To sjuarma smijernlysestakar vert nytta ved brudevigsle, gravferd og andre høgtider. 

Inne i alterringen ligg eit fint teppe med blå botn og med grå krossmotiv. Dette er ei gåve frå fru Rut Brandal Christiansen.

Meister for glasmålarstykka er Jørgen Skaare. Motiva er: "Det er Herren" og "Herre frels meg". Reiarar og handelsmenn i Hareid kommune stod bak denne gåva. Sjølve handverket er gjort av O. Ellingsen & Sønn W. Nygaard i 1951. 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"