Allehelgen i Hareid kyrkje

Når ein eller fleire i den nære krinsen vert borte, kan det endre fargane i livet. Sårflatene innanfor huda gjer noko med oss. For nokre har dei vore der lenge før det var slutt. Om du no kjenner at dei er såre eller har meir den gode kløa etter å ha lukka seg, er Helgemesse ei av desse tidene gjennom året der vi sterkare enn elles møter "det som var". I takksemd eller i sakn, i einsemd eller i fellesskap.

Allenhelgen i Hareid kyrkje. Foto: Hareid sokn

Minnegudsteneste 31. oktober kl 16.00
Kykja vil gjerne legge til rette for fellesskapen, uansett kva du ber med deg inn i dei nye dagane. Laurdag 31. oktober kl 16.00 er det minnegudsteneste i Hareid kyrkje med både fløytespel og solosongar. Vi les opp namna på dei som har gått bort det siste året, og vi takkar Gud for alt som har vore av liv og fellesskap med dei som vi har mista. Vi ber også om Guds si hjelp i sorga og saknet etter våre kjære.
Samvær på kyrkjelydshuset rett etterpå for dei som ynskjer det. Enkel servering.

Gudsteneste 1. november kl 11.00
Gudstenesta denne dagen har fokus på den vona som trua vår gir - om å sjå kvarande att.

"Stille konsert" 1. november kl 19.00
Sundag kveld 1. november kl 19.00, arrangerer Hjørungavåg Brass sin årlege "Stille konsert" med musikalsk balsam for såre sjeler. Den burde vore skriven ut på blå resept, så godt gjer han.
Sjå Hjørungavåg Brass si Facebookside for plassbestilling (gratis), evt kontakt Renate, mobil 934 56 147.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"