Slik forheld vi oss i kyrkja etter nye restriksjonar

Dei nye retningslinjene seier at vi ikkje kan ha meir enn 50 personar inne i kyrkja på samlingar; gudstenester, gravferder, vigsel, dåp, konsertar o.l. (medverkande kjem i tillegg). Og det aller siste er at dersom det skal vere allsong, skal avstanden no vere 2 meter, ikkje 1 meter. Allsong har vi både i gudstenester og i gravferder - difor er regelen på dette 2 meter avstand!

Maks 50 personar i kyrkja, i høve dei nye restriksjonane. Gjeld ut november i første omgang.

HOLD AVSTAND & GOD HÅNDHYGIENE
Dei som ikkje høyrer til same husstand må sitte med minimum 1 meter avstand til kvarandre. Men dersom det er allsong, som i ei gudsteneste eller i ei gravferd, skal det vere 2 meter avstand til kvarandre.
Ver nøye med å vaske henda/bruk håndsprit. Har du symptom på sjukdom kan du ikkje vere til stades i kyrkja.

GUDSTNESTER - PÅMELDING

Vi ynskjer alle velkomne i kyrkja, men må ha påmelding til gudstenester for å tilrettelegge på beste måte. Gudstenestene vil bli streama på Facebooksida til Hareid kyrkje, og kan også følgast frå sofaen heime. Nattverd utgår i inntil vidare.
For påmelding kan du ringe kyrkjekontoret: 70095130 eller send epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.

GRAVFERDER
Ved gravferder er det pårørande som inviterer. Dersom det er rom for det innanfor 50 grensa, kan andre kome. Reglar om 1 meter avstand gjeld både inne- og utandørs.

KYRKJELYDSHUSET - VAFFEL & MIDDAG
På kyrkjelydshuset har vi denne hausten hatt vaffeltreff annankvar mandag og tilbod om kjøp av middag kvar onsdag. Dette går ut resten året, så tek vi ny vurdering på nyåret.

LEIGE AV KYRKJELYDSHUSET
Maks 20 personar dersom ein leiger kyrkjelydshuset til private arrangement som minnesamvær, bryllaup, dåpsfest, åremålsfeiring eller andre markeringar. Det same gjeld om du leiger ein serveringsstad (hotell, restaurant, kafe og liknande).

TILBOD BARN & UNGE
Når det gjeld tilbod for barn og unge har vi gjort følgande vurderingar:

  • Babysong går ut resten av året
  • Småbarnssong går ut resten av året
  • VI-koret øver ikkje meir i november månad
  • Barnekantoriet øver med god avstand og på sin faste stol
  • Tiltak i krinsane fortsetter som før

"MIN FAVORITT" & BILLETTSAL
Billettsalet til «Min favoritt» konsert er stoppa på 50 personar per konsert (kl 18 og kl 21), dersom grensa blir heva fortsetter vi salet i desember.


Vi ønskjer å vere ei tilstedeverande kyrkje også i denne spesielle tida. Det er viktig at vi saman bidreg til at smitten ikkje sprer seg, dette gjer vi ved å følgje restriksjonane og ha gode rutinar for smittevern.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"