Påskeprogram Hareid sokn 2024

Vi samlast for å feire påskehøgtida i Hareid kyrkje. I Bibelen les vi at Jesus sigra over døden. I naturen vi kan sjå livet som gror fram. Difor kan vi med rette seie at vi feirar livet, når vi feirar påske. Her kan du lese meir om kva du kan være med på i påska 2024 i Hareid sokn.

Påskeveka startar med palmesøndag, og det som heiter «den stille veka». Palmesøndag er ein stor festdag i kyrkja, og det er dagen då Jesus kom ridande inn til Jerusalem på eit esel. Illustrasjon: Bente Andreasen Pilskog

Påskevandring i kyrkja
Onsdag 20. mars for skuleklasser og barnehagar
Torsdag 21. mars for skuleklasser og barnehagar
Fredag 22. mars for skuleklasser og barnehagar

Påskevandring for ungdom/vaksne onsdag 20. mars kl 19.30 i Hareid kyrkje
Denne siste faste-onsdag inviterer vi til påskevandring for ungdom og vaksne. Vi vandrar ikkje så mykje rundt i kyrkjeromet som vi gjer med borna, men kyrkjeromet er innreia slik at vi kan sjå hendingane i påskeveka. Gjennom tekstlesingar ved Greta S. Goksøyr, song av Sissel Anita Riise, forteljing frå Barbro Landmark og song/musikk av Ida Teige, Ingmar Mork, Vibeke og Hege Holstad, får vi ei påminning og oppleving av Jesus sine siste jordiske dagar. Ta gjerne med ein ven og kom!  

Palmesøndag 24. mars kl. 11.00
Gudsteneste frå Hareid kyrkje v/Barbro Landmarkmusikalsk leiar er Ida Teige.
Påskeveka startar med palmesøndag, og det som heiter «den stille veka». Palmesøndag er ein stor festdag i kyrkja, og det er dagen då Jesus kom ridande inn til Jerusalem på eit esel.
-Barnekantoriet og 5-åringane framfører «Bileams esel».
-5-åringane får kyrkjeboka si.
-Solistar og musikara tek og del.
-Offer til Kirkens Nødhjelp. Vipps 16290 Hareid sokn.
-Streamast Facebook og Hadartun TV-kanal.

Skjærtorsdag 27. mars kl. 17.00
Nattverdsgudsteneste i vinterhagen på Hadartun. Ope for alle.

Skjærtorsdag 27. mars kl. 19.00
Nattverdsgudsteneste frå Hareid kyrkje v/Lars Hartig-Tangedal, organist Ida Teige.
Skjærtorsdag er det fokus på nattverd, alteret avdekkast og blir mørklagt. Etter gudstenesta samlast vi til eit måltid rundt bordet slik Jesus og læresveinane gjorde.
-Liv Ellen Overå tek del med song.
-Felles måltid etter gudstenesta.
-Streamast Facebook og Hadartun TV-kanal.

Langfredag 29. mars kl. 19.00
Gudsteneste frå Hareid kyrkje v/Lars Hartig-Tangedal, organist Ida Teige.
Langfredag er fredag før påske, dagen til minne om Kristi død på korset.
-Forsongar-kor tek del, og song v/ Gøril Daltveit og Guro Topphol.
-Streamast Facebook og Hadartun TV-kanal.

Påskeaften 30. mars kl. 17.00-18.00
Høgtidsringing med kyrkjeklokkene i bygdekommunen vår


Påskedag 31. mars kl. 11.00
Høgtidsgudsteneste frå Hareid kyrkje v/Lars Hartig-Tangedal, organist Ida Teige.
Vi feirar oppstoda! Ein festdag.
-Dåp, nattverd.
-Offer til NMS, vipps 16290 Hareid sokn.
-Streamast Facebook og Hadartun TV-kanal.

 

Varmt vel møtt til å feire påska med oss i Hareid kyrkjelyd - God påske!

Animasjonsfilm om påskeevangeliet (6 minutter)
Påskeevangeliet animert på en morsom og lærerik måte. 
Sjå her: https://www.nlm.no/video/2020/paskeevangeliet/

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"