Salmekveld søndag 21. januar kl 19.00

Velkomen til ny salmekveld i kyrkja, med både allsong og tyding av dei 10 boda med reformatoren Martin Luther i fokus. Kva seier til dømes det første bodordet oss? ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”.

Salmekveld søndag 21. januar kl 19.00

Søndag 21. januar kl 19.00 kan du få svar under ein ny salmekveld i Hareid kyrkje. 
Blant anna tok Luther ein gjennomgang av bodorda. Forklaringane hans, slik dei står i Den vesle katekismen, vil bli opplesne og illustrerte av ein salme.

Som tidlegare salmekveldar blir dette ein allsongkveld. Kvar salme vil få ein liten omtale. To av salmane blir framførde med solist. Det er ”Velsignet det hjem”, som illustrerer det fjerde bodet; ”Du skal ære far din og mor di” (solist: Arild Grimstad) og Andreas Bjåstad sin bryllaupssalme”Å måtte denne dagen føde dagar” (solist: Odd Goksøyr), som illustrerer det sjette bodet; ”Du skal ikkje bryte ekteskapet”.
Bodet om å ikkje slå ihel blir illustrert med tekstlesing (Bjørnstjerne Bjørnsons ”Elsk din neste du kristensjel”).
Sokneprest Leidulv Grimstad les Luther sine forklaringar.

Gratis inngong!
Velkomne til alle! Det blir mat og kaffi etterpå.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"