Hanna-Elise (26) skal vere sommarvikar for prestane i Hareid og Ulstein

I sommar kjem Hanna-Elise Grønmyr (26) for å vikarere for prestane i Hareid og Ulstein, medan dei skal ha sommarferie. Ho skal dele kontor med staben på Hareid, og har fått bustad på Hareid.

Hanna-Elise Grønmyr (26) er sommarvikar for prestane i Hareid og Ulstein. Foto: Privat

Hanna-Elise bur i Stavanger der ho studerer ved VID (vitenskaplige høyskole) og er komen halvvegs i teologistudiet.

Ho vaks opp i Langevågen og på Blindheim, så ho er lokalkjent i området og har familien sin buande der. I barneåra og ungdomstida var ho aktiv med i handball, kulturskulen, speidaren og ungdomskoret Respons. 

I Stavanger bruker ho mykje av fritida si på UKirke, som er ei sentrumsnær kyrkje for ungdom og studentar. Ho likar handarbeid, spele og høyre på musikk og har alltid vore glad i å lese og då særleg fantasy og romanar. Ein annan hobby som ho har, er hårfarging, og då særleg i utradisjonelle fargar. Ho er glad i folk og gler seg til å bli kjent med kyrkjelydane i Hareid og Ulstein.

Hanna-Elise skal vere sommarvikar tilsaman i 7 veker. Første arbeidsdag er 19. juni, og den første tida vil gå til å gjere seg kjent, få opplæring og jobbskugging ilag med prestane og stabane. Etter kvart vil ho ha både gudstenester, andakter på institusjonane, samtalar og gravferder. Dei andre prestane i Hareid og Ulstein tek ikkje ferie på same tid, så kyrkjelydane vil få møte både nye og kjente fjes.

Vi ønskjer Hanna-Elise hjarteleg velkomen til Hareid- og Ulstein sokn. Ta ho vel imot!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"