Ledige stillingar på Hareid kyrkjekontor

Har du lyst til å jobbe i eit kreativt miljø saman med ein engasjert stab på sju personar, er det no ledige stillingar på kyrkjekontoret. Vår erfarne kontormedarbeidar går snart av med pensjon, og vi ønskjer å omorganisere litt, og utlyser stilling som kontormedarbeidar 50%, og kyrkjelydspedagog 70-100% i samarbeid med Hareid KFUK/M. Staben vår består av organist, kyrkjelydspedagog, kyrkjetenar/gardsareidar, kontormedarbeidar, leiar av frivilligsentralen, sokneprest og kyrkjeverje/dagleg leiar.

Ledige stillingar på Hareid kyrkjekontor

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.

Hareid kyrkjelyd har 3775 medlemmer (pr. 31.12.22), og har tilsett  sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær, kyrkjetenar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til  kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 fulltidstilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.

 

Hareid kyrkjelege fellesråd søkjer:

Kontormedarbeidar Hareid kyrkjekontor
50 % fast stilling

Søknadsfrist: 3. desember 2023

Då vår kontormedarbeidar gjennom mange går av med pensjon, lyser vi ut stilling som kontormedarbeidar ved Hareid kyrkjekontor i 50 % stilling. Kontormedarbeidar vil ha ansvar for kommunikasjon, koordinering av informasjon og kyrkjebokføring. Det er òg oppgåver knytt til utleige av kyrkjelydshuset og innan økonomi og gravferdsforvaltning.

Kontormedarbeidar er ein nøkkelperson på kyrkjekontoret. Kontormedarbeidar har kyrkjeverja som sin næraste overordna.

Vi tilbyr:

·         Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø

·         Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige

·         Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler

·         Løn etter gjeldande tariff

·         Pensjonsordning i KLP


Arbeidsområde:

Kommunikasjon:
Ansvar for den daglege kontakten med publikum og frivillige medarbeidarar, og utsendingar. Ansvar for å lage kyrkjeside i Vikebladet.

Kyrkjebokføring:
Registrering av kyrkjelege handlingar og kyrkjeleg statistikk.

Gravferdsforvalting:
Ta imot og koordinere gravferdsmeldingane, og administrere festeavgift og gravstell.

Økonomi:
Administrere innkomne offer og minnegåver. Fakturering og bilagsføring.

Felles administrativ oppgåver:  
Arkivering, utleige og overoppsyn med kyrkjelydshuset, innkjøp av materiell og mat.

­

Kvalifikasjonar:

·         God kompetanse innan data og ha relevant utdanning og/eller erfaring

·         Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

·         Den som vert tilsett er underlagt teieplikt

·         Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar

·         Må beherske norsk skriftleg og munnleg

 

Personleg eigenskapar:

-Venleg og imøtekomande overfor publikum
-Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-Personlege eigenskapar vert vektlagt
-Dersom søkjaren i tillegg har anna kompetanse som kan vere relevant for arbeid i kyrkjelyden er søkjaren velkomen til å omtale dette i søknaden

Nærare opplysningar får du ved å kontakte kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog tlf. 97612086 og/eller kyrkjelydspedagog Barbro Landmark tlf. 92090174.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Søknad med CV, og referansar skal sendast til
kyrkjeverja@hareid.kommune.no                                                 
eller Hareid sokn, pb 48, 6069 Hareid.

Attestar og vitnemål må takast med til eit eventuelt intervju. Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.

Ønskjeleg tiltreding: 1. mars 2024.

_____________________________________________

 

Hareid kyrkjelege fellesråd søkjer:

Kyrkjelydspedagog Hareid kyrkjekontor

i 70-100% fast stilling, i samarbeid med Hareid KFUK/M

Søknadsfrist: 3. desember 2023

I Hareid kyrkjelyd ynskjer vi å styrkje arbeidet blant barn og unge og søkjer etter ein person som får ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, ungdomsarbeid og Ten-Sing. Stillinga vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog og som får hovudansvar for aldersgruppa 0-10 år og samarbeidet med barnehagar og skule. Trusopplæringa er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.

Kyrkjelydspedagog har kyrkjeverja som sin næraste overordna.

Vi tilbyr:

·         Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø

·         Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige

·         Gode utarbeidde og utprøvde planar for trusopplæringa

·         Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler

·         Løn etter gjeldande tariff

·         Pensjonsordning i KLP

Arbeidsområde:

·         Administrere og utføre undervisninga i aldersgruppa 11-18 år, i samråd med andre tilsette.

·         Samarbeid med skulane om undervisning av Tidslinja.

·         Ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUK/M

·         Administrative oppgåver som ligg til arbeidet.

·         Ein må rekne med kvelds-, helge- og høgtidsarbeid

 

Kvalifikasjonar:

·         Utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning.

·         Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med born, ungdom og konfirmantar i kyrkjelyd.

·         Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

·         Den som vert tilsett er underlagt teieplikt

·         Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar

·         Må beherske norsk skriftleg og munnleg

 

 

Personleg eigenskapar:

·         Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom

·         Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig

·         Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging

·         Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande

·         Personlege eigenskapar vert vektlagt

Nærare opplysningar får du ved å kontakte kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog tlf. 97612086 og/eller kyrkjelydspedagog Barbro Landmark tlf. 92090174,

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Søknad med CV, og referansar skal sendast til
kyrkjeverja@hareid.kommune.no                                                 
eller Hareid sokn, pb 48, 6069 Hareid.

Attestar og vitnemål må takast med til eit eventuelt intervju. Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.

Ønskeleg tiltreding: Mars/april 2024.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"