Vi ynskjer Lars Håvard velkomen til Hareid

Det er med glede vi kan ønskje velkomen til Lars Håvard Eikrem (43) som har takka ja til stillinga som kyrkjelydspedagog (80%) hos oss. Lars Håvard skal vere med å styrke arbeidet blant barn og unge og vil få ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, samt ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUK/M. Stillinga vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog og som har hovudansvar for aldersgruppa 0-10 år og samarbeidet med barnehagar og skule. Trusopplæringa er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.

Lars Håvard Eikrem er vår nye kollega i Hareid sokn, og skal vere med å styrke arbeidet blant barn og unge og vil få ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, samt ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUK/M. Foto: privat

Lars Håvard er frå Langevåg, gift og har tre barn. Av yrke er han utdanna allmennlærar med kristendom i fagkrinsen. Han har jobba i barneskulen som kontaktlærar og i tillegg har han jobba 2-3 år som vikar i Den norske kyrkja i Sula med ulike alderstrinn i truspplæringa. Lars har tilsaman 16 års erfaring frå arbeid med born og ungdom gjennom arbeid i skule og kyrkja. Han spelar gitar og bass og har litt erfaring frå dirigering av barnekor. Planlagt oppstart i stillinga er 12. august, men han vil ta del på enkelte tiltak våren 2024.
Han seier at han gleder seg til å jobbe for Hareid sokn og til å bli kjent med både kollegaer og kyrkjelyd. Vi ynskjer Lars Håvard hjarteleg velkomen og gleder oss til å få han med på laget!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"