Vil du gje, men manglar kontantar?

No er ny kortterminal på plass i kyrkja.  Det er også mogleg å gje med Vipps, iallefall når du får mobildekning. Uansett om du pleier å gje med kontantar eller kort - vurder fast gjevarteneste!

Vil du gje, men manglar kontantar?

Det er veldig gledeleg at mange vil gje gåver til kyrkjelydsarbeid eller andre gode formål vi samlar inn til. Men problemet med kollekten i kyrkja er kontantar, som det blir mindre og mindre av. Fleire av oss har sjeldan kontantar på oss. Bankane vil helst ikkje ha kontantar heller, og uansett korleis vi vil levere dei, kostar det kyrkjelyden medgått arbeidstid, køyreturen til Knarvik og høge avgifter. Så det er mindre styr utan kontantar, men vi vil framleis ta imot alt vi får! Alternativa til kontantar er i stor grad basert på mobilbetaling. Men i Meland kyrkje er det dårleg mobildekning. Så kva gjer vi?

Viss du vil gjere det som er klart best for kyrkjelyden og enklast for deg – så meld deg til fast gjevarteneste. Då går det eit fast beløp ut av kontoen din kvar månad, og du kan gjerne la korga gå forbi i benken og tenke at du har allereie gitt! Desse gåvene kan du til og med få skattefrådrag for. Kan det bli betre? Det er blitt lettare å melde seg på, via nettet. Meir om fast gjevarteneste finn du her. (Men går offeret til andre formål enn kyrkjelydsarbeid, må du bruke andre metodar).

Vi har hatt kortterminal i Meland kyrkje i tre år, og no har vi fått ei meir driftsikker løysing.

Vipps er for deg som har smarttelefon. Last ned appen før du kjem til kyrkja (mobildekning nødvendig). Du kan laste ned Vipps-appen ved å gå inn på «App Store» om du har ein Iphone eller «Play Butikk» om du har ein Android-telefon eller «Windows Phone Store» på ein Windows-telefon. Søk opp Vipps, last ned og legg inn opplysningane som trengs. Då er du klar til å betale.

Betalingsnummeret til Meland kyrkje på Vipps er 54016, men det held å søke etter Meland kyrkje (du treng ikkje nummeret). Problemet er at du som oftast ikkje får betalt i kyrkja. Du må vente med å betale med Vipps til du har kome i område med mobildekning. Viss du vippsar/betaler same dato som du har vore på gudsteneste, vil gåva gå til det formålet som vart kunngjort på gudstenesta.

Du kan sjølvsagt også betale direkte inn på Meland kyrkjelyd sin konto med nettbanken din. Gjer du det så hugs å merke betalinga med kva det skal vere til,  ellers må vi på kontoret drive detektivarbeid etterpå. Kontonummer er 3632.07.04019.

Uansett korleis du gjer det – tusen takk for gåvene, dei kjem vel med!

Ein vert ikkje fattig av det ein gjer vekk 

(Ordtak)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"