Gi deg rik!

Andreas Westermoen trur vi blir betre menneske av å gi. Han er eit engasjert medlem i Meland sokneråd og trakterer ulike instrument, både i kyrkja og på jazzkafeen i Nordgardsløa. Han har eit stort engasjement for mellom anna gjevartenesta i kyrkjelyden. Kontakt har spurt han kvifor folk skal gje pengar til noko som er offentleg finansiert.

Andreas Westermoen - på Møteplassen. Foto: Anne Sofie N. Uthaug

– I kyrkjelyden ynskjer vi at kyrkja skal vere meir enn gudstenester, kyrkjegard og prest. Kyrkjelydsarbeid som søndagskole og ungdomsarbeid, norskkurs/språkkafe, Open Møteplass , Rosetenesta og husgruppearbeid vert drive ved hjelp av gåver. Det flotte konsertpianoet i kyrkja vart også fullfinansiert av gåvemidler, men utanom gjevartenesta. For oss i Meland er også ny kyrkje under planlegging. Ho vil la oss drive kyrkja og kyrkjelyden der folk bur, men det klarer vi ikkje utan flere givarar.

 

-Kva forskjell kan gåvene gjere?

 

– Sjå berre på alt det gode arbeidet som skjer på Møteplassen! Kanskje enda viktigere; ein god flokk med gode givarar til ny kyrkje vil sende eit klart signal til kommunen om at dette er noko folk verkeleg ynskjer, og at det kjem til å bli noko av. Ei sterk gjevarteneste kan utgjere forskjellen mellom at ei ny kyrkje vert realisert, og ikkje berre planlagt

 

-Kva er realistisk å samle inn?.

 

– Vi har store ambisjonar no som kyrkjeplanane har vorte konkrete. Får vi 30 nye gjevarar som gir 1000 kr i mnd (2-3% av årsløna), vil gjevartenesta doblast og me er på god veg mot eit nivå som kan bere ei ny kyrkje. Vi har mange i kyrkjelyden som allereie er faste gjevarar til anna arbeid, men eg er sikker på vi har mange som har råd til å gje litt meir.

 

– " Ein vert ikkje fattig av det ein gir vekk", står det på kyrkjelyden si nettside. Er ikkje det ein drøy påstand? Kva med uttrykket gjevarglede?

 

– Spør dei som allereie gir mykje i dag! Eg trur vi blir betre menneske av å dele, i tillegg til at gåvene hjelper andre. Så her er det vinn-vinn.





Fakta:

  • Gjevartenesta i Meland kyrkjelyd er pr 31.12.2016 på kr 336 000. I tillegg kjem offer til eige arbeid og andre gåver og tilskot på nesten 387 000. Kyrkjelyden samla også inn 211 000 til andre formål

  • Gåveinntektene går til det som offentlege midlar ikkje rekk til: Søndagsskulen, ungdomsarbeidet, det diakonale (omsorg og felleskap) arbeidet, spesielt på Møteplassen.

  • I 2016 starta kyrkjelyden opp eit nytt prosjekt for å styrke og bygge opp gruppearbeidet og tilsette Stine Karin Sæle i 20% stilling. Dette prosjektet treng meir inntekter for å halde fram. Du kan øyremerke gåva di til dette prosjektet.

  • Viss du vil bli med i fast gjevarteneste – gå inn på denne lenka. Det er lett å melde seg på. Eller ta kontakt med kyrkjekontoret 56171480.

Denne artikkelen, saman med mykje anna spennande stoff, kjem på trykk i Kontakt nr 2 som kjem ut i midten av juni. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"