Du er “God nok” i Landro

Sidan januar 2023 har “God nok” vore eit uttrykk på Landro i både kyrkja og på skulen.

En eske med blomstermønster på en benk, lokket ligger ved siden av og oppi esken ligger brettede, turkise lapper der det står "glede" skrevet på

“Yes! I dag er det God nok” har helsesjukepleiar Charlotte fått høyre i gangane på Landro skule. Ho er med i samarbeidet “God nok” som kyrkja og kommunen har på Landro skule. "God nok” skal styrke barn si mentale helse, gi dei god og positiv tru på seg sjølv og oppmuntre dei til å sjå på fellesskapet som ei styrke. Dette skal gje 7. trinn ei god hjelp i overgangen frå barneskule til ungdomsskulen. Ein overgang som for mange kan vere ei utfordring, men også ei tid full av forventning.  

Då regjeringa i 2022 tydeleg uttrykte ei bekymring for barn si mentale helse gav dei ansvar ned på kommunenivå og etterlyste tilbod der barn kunne styrke si mentale helse gjennom samspel, fellesskap og aktivitet.  

To hender som bygger tårn med marshmallows og spagetti   Lysgloben i kirken med tente lys

“God nok” eit livssynsopent tilbod, vart starta på bakgrunn av dette, og eit godt samarbeid mellom skule, helsesjukepleiar og kyrkja vart etablert. “God nok” er ei av hovudoppgåvene til diakon Synnøve Elvina Engelsen Eide i Landro. 

Kvar måndag møter 24 12-åringar helsesjukepleiar Charlotte og diakon Synnøve gjennom tema-samtale i grupper, leik, samspel og eit felles måltid. Det er også fire frivillige medarbeidarar som er med oss annakvar måndag når "God nok"-gjengen er ein og ein halv time i kyrkja. Vi vil framheve glede, positivitet, og bruker fellesskapet til å løfte barna opp. Dei er god nok - akkurat slik dei er! Gjennom “God nok” får dei også noko å sjå fram til, og eit fellesskap elevane gler seg til! Elevane seier sjølv at “Vi opplever trygge vaksne og at dette er ein trygg stad. Det er veldig gøy å være med, og vi får vere med vennene våre på “God nok”.  

Helsesjukepleiar Charlotte Jørgensen Glitre legg vekt på at gjennom aktivitetar, grupper og samarbeidsleik får elevane kunnskap og verktøy til å møte kvardagen med.  

“God nok”-gjengen avslutta haustsemesteret med ei god bowlingrunde på Fjell-ly, med mykje god pizza og julebrus. Det var mykje latter, ein god del meistring og mange heiarop! Vi sjåast i 2025.

Tre gutter bowler   En tavle med bilder på

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"