Seksjonsleiarane samla til inspirerande leiardagar

I to innhaldsrike dagar har seksjonsleiarane i Øygarden kyrkjelege fellesråd vore samla i Blomvåg barnehage for leiardagar, fulle av fagleg påfyll, gode diskusjonar og praktiske leiarøvingar. Med både spennande leksjonar i leiingsteori og morosame utfordringar i teambuilding, har leiarane fått bryne seg på både teori og praksis.

Sju menneske sitt på eit langbord og snakkar og et. Det er frukt og pålegg på bordet.

Mathilde K. D. Løvfall, som nyleg har komme tilbake frå permisjon, delte sine tankar om samlinga: – Eg har nettopp kome tilbake frå permisjon, og det har vore ein fin og mjuk inngang tilbake igjen. Det har vore nyttig med ei bevisstgjering på leiarrolla og få fagleg påfyll.

Løvfall fortel vidare om kva ho har teke med seg frå samlinga: – Det viktigaste eg har lært, er kven eg ønskjer å vere som leiar, og den eg vil vere som leiar, er ein bestemt, men lyttande leiar. Eg ønskjer å vere trygg i leiarrolla mi, men samtidig både sjå og høyre dei tilsette og organisasjonen sine behov.

Gjennom dei to dagane har seksjonsleiarane delt erfaringar, fått refleksjonstid og lært korleis dei kan møte nye utfordringar på ein betre måte. – Alt i alt, synest eg lederdagane var 10/10, avsluttar Løvfall med eit smil.

No er seksjonsleiarane klare til å ta fatt på nye oppgåver med oppdatert kunnskap, og med ny energi for å styrke samarbeidet i fellesrådet vidare. Dette lovar godt for framtida!

 

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, onsdag og fredag
kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"