Det som gjorde aller mest inntrykk på oss, var då vi såg musikalen “Les Miserables”. Vi hadde sett filmen før vi drog, og hadde dermed førebudd oss på den måten. Vi vart trollbudne frå start til slutt! Dei ulike karakterane viste oss både djup menneskeleg kjærleik og sorg, og samstundes Guds store tilgjeving og nåde.
Vi fekk også med oss morgonsong i St. Anne's, ein liten kyrkjelyd i Soho, nattverdssamling i storslåtte St Paul, nokre av oss var på Host Kafe, som ligg i St Mary-kyrkje og siste dagen var vi i Sjømannskyrkja og på British Museum, før vi kom heim etter tre heile dagar i verdensmetropolen. Rikare på gudsbilete, venskap og minne. Snart blir det ny tur!
Vi fekk ete burgarar på hurtigmatkjeda Five Guys og sjå musikalen “Les Miserables” på Sondheim Theatre.
Presten Per og Gabriel koste seg med vaflar på Sjømannskirken.
På vei til morgonsong i St. Anne's.