Fastetida

Fastetida er tida frå askeonsdag til og med påskeaftan. Ho er ei førebuingstid for å vende merksemda mot Gud og medmenneske. Det er mange måtar å bruke fastetida på. Gjennom seks veker kan du sette av tid til å speide etter Gud i bøn og bibellesing.

Lilla skrift medteksten Fastetida Bøn- og bibelleseplan. På lilla bakgrunn med lilla bokser, en boks med foto av lilla strå.

Bibellesing

I år les vi Apostelgjerningane. Dette er ei unik bok som fortel om Jesu læresveinar og dei første kristne. I tillegg skal vi eit par veker lese frå Salmane. Her er både takk og klage. I påskedagane les vi påskeforteljinga slik Lukas skildrar ho. Når vi les, kan vi spørja: Kva lærer eg om meg sjølve og om Gud i denne teksten?

Bøn

Bøn har ikkje med mengde ord eller kor lang tid vi brukar. Bøn er at vi ønskjer å komme til Gud med alt vårt, slik at han kan få slippe til i oss med alt sitt. I denne bøn- og bibelleseplanen er det ikkje lister med bøneemne. Men det er tre spørsmål du kan ta med inn i ein dialog og bøn med Gud: Kva er du takksam for i dag? Kva er vondt og vanskeleg? Kva tenkjer du om resten av dagen og morgondagen?

Film

Kvar veke legg vi ut ein kort film. Denne filmen skal vere eit hjelpemiddel til bøn- og bibelleseplanen. Filmen vert publisert måndagen i kvar veke, sjå lenke under.

Må Gud openberra seg for deg og velsigna deg denne fastetida.

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"