Feste

Gravstedsfæsteseddel (1937)

Når ein person busett i Øygarden kommune døyr, får han tildelt ei fri grav. Det vil seie at det ikkje skal betalast noko for grava dei første 20 åra.

Frigrav gjeld under føresetning av at ein vel ei grav som er tilvist av kyrjeleg fellesråd etter gravleggingsplanen vår. 

Dersom pårørande ønskjer å bruke ei anna grav enn den dei får tilvist, det vil i praksis seie at ein ønskjer bruke opp att ei gammal grav, vil dette verte ei festegrav som ein må betale festeavgift for frå dag 1, sjølv om avdøde var busett i kommunen.

Når ei kistegrav eller urnegrav i namna minnelund vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av. Denne grava vert ei festegrav som den ansvarlege for grava må betale festeavgift for frå første dagen. Den reserverte grava vert ikkje gjort om til ei frigrav når grava vert teken i bruk, sjøv om avdøde var busett i kommunen. Retten til å feste ei ekstra grav gjeld berre ved gravlegging av person som ved dødsfallet var busett i Øygarden.

Når festetida er ute, kan gravstaden kan gravstaden festast for 5 nye år. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, må ein søkje soknerådet om om ytterlegare forlenging av festet.

 

Festeavgift

Festeavgift må betalast i følgjande tilfelle:

  • Når ein festar ei grav ved sida av kistegrav
  • Når ein festar ei grav ved sida av urnegrav i namna minnelund.
  • Når avdøde på dødstidspunktet ikkje var busett i Øygarden.
  • Når frigravperioden har gått ut etter 20 år.

Satsen er fastsett av kommunestyret i Øygarden. Festeavgiftene vil verte fakturert i bolkar kvart 5. år.

I det året festetida er ute, skal festaren varslast om at grava forfell til betaling. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til gravplassen. Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse og pårørande pliktar å melda frå ved overtaking av feste etter død. Dersom det ikkje er gjeve melding til kyrkjeleg fellesråd (kyrkjekontoret) om endring av eller overføring av feste, vert grava sletta. 
Før sletting vil kyrkjeleg fellesråd varsla festar eller pårørande om at grava vert sletta. Det vert og sett opp melding på gravminnet.

Sjå og vedtektene for kyrkjegardane i Øygarden.

Festaren pliktar å melde adresseendring, og dødsbuet pliktar å melde frå ved overtaking av feste ved død. Dersom det ikkje er gjeve melding til kyrkjekontoret om endring eller overføring av feste, vert grava sletta.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"