Korøving med song og fellesmiddag

Song, fellesskap og ein god middag gjorde denne tysdagen ekstra triveleg i Fjell kyrkje.

Barn står og sitter i trappen fremme i kirken, de ser mot der dirigenten står

Songen rungar frå kortrappa i Fjell kyrkje: «Det er så herleg å vere til!» Ungane kan teksten godt no. Nokre står stille i kortrappa medan dei syng, andre dansar litt i takt med musikken, medan dei minste surrar litt rundt på det vakre, raude teppet. Foreldra følgjer dei med smilande ansikt. Det er god stemning i flokken!

Barn står stilt opp i trappen fremme i kirken, en dirigent står til høyre i bildet.   Foreldre og barn sitter rundt bord i kyrkjelydssalen og spiser og snakker sammen

Med andre ord: ein heilt vanleg øving i Fjell barnekor. Likevel ein spesiell tysdag, for middagen stod på bordet då familiane kom til kyrkja. Pølser og prat rundt bordet før korøving ser alt ut til å bli ein tradisjon etter første forsøk.

En gutt og en mor står og har fått hver sin hotdog som de holder   to jenter viser smilende frem hotdogen de har fått  

Barnekoret er i vekst, det gode ryktet spreier seg, og familiar finn saman og kjenner at dette er ei kyrkje for alle!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"