Tradisjon, glede og fellesskap på juletrefest

Laurdag var det klart for juletrefest i Fjell kyrkje! Dette er ein kjær tradisjon for store og små. Festen markerer avslutninga på julehøgtida og byr på ei varm og inkluderande oppleving for heile familien.

Mennesker går i sirkel rundt juletreet og syng

Mange trassa snøen for å kome på juletrefesten i kyrkjelydssalen, der borda var vakkert pynta til fest! Alle barna fekk lodd som dei kunne bruke i barnekiosken. Her kunne dei velje seg ut noko godt, og alle fekk servert pølser. Det var også blitt bakt mange ulike kaker og bollar som låg på eit eige kakebord, så det var noko godt for ein kvar smak.

Etter maten var det tid for underhaldning og konkurranse. Helge Nilsen arrangerte eit terningspel, der både små og store kunne konkurrere mot kvarandre. Humøret var på topp, og engasjementet smitta over på alle som var med. Vinnarbordet fekk ein pose med Twist.

Mennersker sitterpå langbord og et og skriver på ark
Terningspelet var om å gjere å få høgast mogleg sum før Helge Nilsen trilte ein trear. 

Deretter samla alle seg til ei kort andakt inne i kyrkjerommet. Kjell Andersland hadde med ei stor rull i ei ramme med illustrasjonar av juleevangeliet. Med hjelp frå barnebarnet Adam formidla han bodskapen på ein fin og barnevennleg måte.

Ein mann og ein gut står oppe i kyrkja og viser til ein stor papirrull i ramme med teikingar på. framfor dei sit to barn   Ei jente lener seg ot benken framfor henne i kyrjka, og gølger godt med på det som skjer framme

Så var det tid for juletregang. Alle samla seg rundt det vakkert pynta juletreet og song kjende julesongar som "Så går vi rundt om en enebærbusk" og "Deilig er jorden". Smila sat laust, og stemninga var varm og god.

Til slutt kom dei heilage tre kongane på besøk. Dei var kledd i kappar og kroner og delte ut godteposar til alle barna. Nokre av dei vaksne fekk òg posar. Juletrefesten finn ofte stad på eller rundt Heilage tre kongars dag, den 6. januar, som markerer vismennene si reise i juleforteljinga.

tre vise menn, i kapper og gullkroner, deler ut godtepose til tre små barn

Juletrefesten i kyrkja er meir enn berre eit arrangement, det er ein stad for fellesskap, glede og deling av julebodskapen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"