Fellesskap og glede i adventstida

Eit stemningsfullt adventstreff på Landro med julesongar, smakfulle kjøttkaker og ei engasjerande forteljing frå soknepresten om jul i evangelia. Dagen etter vart kyrkjekjellaren fylt med aktivitet då generasjonskvelden inviterte til lefsebaking. Gjennom latter, læring og gode samtalar skapte store og små eit varmt fellesskap.

To damer står ved et bord og former og kjevler ut lefsedeig

 

Adventstreff med song, fellesskap og juleforteljingar

Onsdag 27. november hadde vi eit stemningsfullt og koselig adventstreff på Landro. Totalt var vi 26 personar som samla oss for å synge julesongar, nyte smakfulle kjøttkaker og lytte til sokneprest Per. Han delte engasjerande historier om jul i dei ulike evangelia, supplert med interessante fakta om årstal og kven som hadde makta i området der Jesus vart fødd.

Det vart ei varm og fin samling som skapte godt fellesskap og sette alle i den rette adventsstemninga.

nærbilde av et lys som er tent i lysgloben

 

Generasjonskveld med lefsebaking

Torsdag 28. november arrangerte vi Generasjonskveld i kyrkja med lefsebaking! Kjellaren var fylt med takker, mjøl, deig og ein herleg gjeng med 29 ivrige deltakarar i alle aldrar, som var klare til å lære kunsten å bake lefser.

Randi Algrøy stod for opplæringa og viste oss korleis det skulle gjerast, steg for steg. Stemninga var på topp med mykje latter, gode samtalar og eit fellesskap som vaks medan vi jobba saman. Ein kveld fylt med læring, glede og samhald.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"