Måndag 2. desember hadde vi vår sjuande samling med "God nok" for elevane på 7. trinn. Vi markerte starten på desember med bowling og pizza på Fjell-ly. Totalt 24 barn fekk ein fantastisk ettermiddag fylt med glede, jubelrop, litt "neeei", mange "yes", latter og god stemning. Her fekk elevane oppleve meistring, støtte kvarandre og kjenne seg trygge saman med vaksne som bryr seg.
Den siste "God nok"-samlinga før jul fann stad måndag 9. desember. Denne gongen arrangerte vi stasjonar med ulike leikar og aktivitetar som utfordra elevane til samarbeid, tolmod og kreativitet. Dei bygde høge tårn, heldt ballongar svevande lengst mogleg og frakta nonstop med sugerør. Samabeid, tolmod og konkurranseinstinkt!
Elevane sjølv beskriv "God nok" som: vennskap, aktivitetar, mat, trygge vaksne, leik med venner, gøy og ein trygg stad å vere. Tenk å få møte 24 tweens ei gong i veka gjennom heile hausten – det er rett og slett fantastisk.
Ein veldig fin haust med "God nok" går no mot slutten, men vi ser fram til fleire kjekke samlingar i januar!