Om lag 65 troska snøværet og kom til Landro kyrkje denne laurdagen. Band og lydteknikar var på plass, det same var forsongarar og frivillige som bidrog med musikalske innslag. Mange frivillige stilte med kaker, kaffi og kjøkkenteneste, og andre hadde rigga til kyrkjerommet etter alle kunstens reglar. Nokon tok på seg å leie festen, medan andre stilte opp med quiz.
Dei frammøtte fekk høyre Landro barne- og tweenskor opptre med Seven-jentene si julemedley, etterfølgd av allsang. Kristine Angeltveit og niesa Nelly Angeltveit framførte Vilde og Anna sin «Julehjarte».
Deretter var det andakt med Bodil Lee Øksnes Espedahl, og etter andakta fekk vi høyre mor Bodil og dotter Tuva Øksnes Espedahl framføre «I den kalde vinter» av Kari Bremnes og Rikard Wolff.
Etter dette musikalske innslaget var det juletregang, med kjende og kjære, samt artige julesongar som «Eit barn er født i Betlehem», «Det lyser i stille grender», «O jul med di glede», «Her kjem me Jesus dine små», «Eg gjekk meg over sjø og land» og «Einebærbusken».
Etter juletregangen venta god mat og drikke, samt ein gøyal julequiz med Jarl Heggernes. Vi fekk deretter informasjon om kyrkja sitt arbeid og det nye semesteret, samt informasjon om den viktige givartenesta. Årets kollekt vart samla inn under allsangen «Glade Jol» (for høvet på nynorsk), og Laila Linde Lossius med gitaren sin bidrog med julefestens siste songinnslag, også av Kari Bremnes og Rikard Wolff: «Desemberbarn». Eit vakkert og rørande innslag.
Laila Linde Lossius bidrog med songinnslag
Som alle år avslutta vi julefesten i Landro kyrkje med «Deilig er jorda». Folk vart takka for oppmøtet, og med ynske om eit godt nytt år for seg og sine. Anna Ødegård Vik akkompagnerte folk ut med «Winter Wonderland» på trombonen sin saman med bandet.
Ein svingande og varm avslutning som gav oss alle energi til å ta ned utstyret og rydde opp.