Glede skin i auga og jubelen sit i kroppen. Så stolte og nysgjerrige når dei alle får bla i den nye boka si. Kyrkja er ein arena, nei heller eit fang, der folk frå alle generasjonar får møtast og varme kvarandre med smil og gode ord. Ramma er lystenning, vakker barnesong, orgelbrus og prestens varme tale om Gud som kom og kjem til oss alle. Han som alltid har rom for ein til på sitt gode fang. Då kjenner vi at vi er midt i jula sin sentrale og evige bodskap om fred og glede for alt folket!

Landro barne- og teenskor var med og sang flott under gudstenesta

Det var fint å få tenne lys.

Prest Knut Kaldestad las frå boka tre-åringane fekk i gåve.