Liv og glede på juletrefest!

Søndag 6. januar arrangerte soknerådet i Foldnes juletrefest i kyrkja. Her var både sokneråd og stab i sving i forkant, og dekka bord i heile kyrkja og kyrkjelydssalen.

Heile kyrkja var dekka til fest

Det kan vere litt skummelt å arrangere når snøen lavar ned på utsida! Men litt etter litt fekk folk måka seg ut av snødekka vegar og utkøyringar, og kom til kyrkja. Og då programmet starta var det over 130 store og små til stades. Her kunne du møte folk frå alle generasjonar, og det myldra av barn  overalt!

Glad familie sitter rundt et bord  Fornøyd familie ed flere barn smiler rundt et bord  Barn og voksne sitter og smiler rundt et bord 

Juletrefesten i Foldnes er ein herleg blanding av fest og dugnad. Soknerådet stilte med hotdog, og mange av dei som kom tok med seg det dei hadde av julekakerester. Dei blei ein flott kakebuffé, og folk fekk forsyne seg både to og tre gonger. 

Bord med masse ulike kaker og klementiner

Frå programmet må me nemne den flotte soloen til Bjørn Herman Brøvig og Sara Stordal, som song «Solbarn, jordbarn». Elles var det trylleshow ved klovneduoen, andakt av Randi Våge og ein fantastisk henteleik. Her var det årets førsteklassingar som fekk skinne – men alle på laget måtte hjelpe til. Dagens beste latter kom då dei fekk beskjed om å hente … ei bestemor!

 To barn står og synger i mikrofon   en dame står og snakker  
Sara og Bjørn Herman song Solbarn, jordbarn, og Randi Våge hadde dagens andakt.

På ein juletrefest høyrer det sjølvsagt til juletregang. I år fekk me hjelp av juletretrafikkdirigenten Maria, som hjelpte til med å organisere ringane. Det må til, for det er ikkje så ofte det er 4 (!) ringar rundt juletreet. Etter å ha gått rundt det grøne, glitrande treet (goddag) både i hoppeland, ein tidleg torsdagsmorgon, saman med dei tre stjernemenn og englar som daler ned i skjul, var det klart for den store finalen:

En dame med sikkerhetshjelm med et juletre oppå viser veg og dirigerer til juletregng bak henne

Mennesker går rundt juletre, de klapper til sangen    en gutt later som han vasker gulvet i juletregangen
Årets juletregang med 4 ringar! "Så gjør vi så når vi vasker vårt gulv"

Mennesker bøyer seg og løper rundt juletreet i juletregangen
Det blei ganske travelt 'hematt'

Festen blei avslutta med ein flott fanfare: No kjem kongen!! Faktisk var det tre kongar som kom. Kanskje kom dei frå Austerland? Men denne gongen hadde dei bytta ut gull, røykelse og myrra med godteposar til alle små og store barn. (Og det var nok til nokre snopeglade vaksne òg) Og kvifor kjem tre kongar heile vegen til Foldnes kyrkje ein søndags ettermiddag? Jo, svarte den yngste, vi har fått så mykje, så då vil vi dele det med andre.

En dame spiller på en trombone   En mann med kappe og krone deler ut godtepose til en liten gutt som er med moren

Til slutt fekk vi ønskje kvarandre: «Fred over jorden, menneske fryd deg, oss er en evig frelser født.»

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"