Forsongarane leiar kyrkjelyden i salme- og lovsongen. Gjennom denne tenesta vert det enklare for kyrkjelyden å syngje med på salmane - og dei løftar gudstenesta på ein særskild måte.
Forsongarane har teneste om lag ein gong i månaden. Då vert dei satt opp på teneste i saman med to andre forsongarar. Den søndagen ein har teneste møtar ein vanlegvis klokken 10.00 for å syngje igjennom salmane den dagen.