Teknikarane gjer ei utruleg viktig oppgåve for at gudstenesta skal vere ein inkluderande stad å vere. Gjennom at teksten kjem opp på veggen, kan heile kyrkjelyden følgje med på kva som skal skje til einkvar tid. Det er eit godt verktøy for å inkludere den einskilde som kjem til gudsteneste.
Vi treng nokre til å styre programma,slik at rett tekst kjem på veggen på rett tidspunkt. Vi brukar vanlegvis programmet Easy Worship, men nokre gongar er det og vanleg powerpoint. Vi gjer opplæring til dei som treng det!
Teknikarane vert satt opp om lag ein søndag i månaden, eller så ofte eller sjeldan som ein sjølv ønskjer. Den søndagen ein har teneste, møter ein seinast kl. 10.30. Det er presten eller organisten som har ansvaret for å lage foilane som skal visast på gudstenesta.