Konfirmasjon

Hovedbilde for tema

Hjelme og Blomvåg sokn

I Hjelme og Blomvåg sokn vel dei aller fleste kyrkjeleg konfirmasjon. Ordet konfirmasjon kjem av det latinske verbet confirmare, som betyr å styrke, stadfeste eller «å gjere sterk».

Konfirmasjon er ein gamal tradisjon. I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling som stadfestar løftene Gud gav då du vart døypt. I konfirmasjonstida lærer du kva kristen tru har med ditt liv å gjere.

Konfirmasjonstida er ei spanande tid. Det gir moglegheit til å finne ut meir om den kristne trua, få svar på spørsmål, til å ha det kjekt saman og kanskje bli litt utfordra? Konfirmantopplegget i Hjelme og Blomvåg sokn består av undervisning både felles og i mindre grupper, gudstenester og ein klubb som du veljer å delta på.

Her kan du velje mellom KRIK, Gospel Teens og Refuel. I tillegg reiser vi sjølvsagt på konfirmantleir.

For informasjon om konfirmantopplegg, tidspunkt for konfirmasjon med meir kan du kontakta kyrkjelydspedagog Hogne Berland på mobil 986 83 424, eller kyrkjekontoret på telefon 400 03 316 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no 

Alle som vil konfirmere seg i kyrkja i Hjelme og Blomvåg sokn, må melde seg på via elektronisk skjema.

Konfirmantåret kostar 700,- Dette dekker bibel, mat og materiell på samlingane. 
Du kan velge om du vil betale ved påmelding. Viss ikkje får du tilsendt betalingsinfo ved oppstraten av konfirmantåret.

I tillegg kjem utgifter til leir: 1300,-

Økonomi skal aldri vere eit hinder for deltaking. Ta kontakt, så finn vi ei god løysing for din konfirmant.

Kontakt