Det er 3 kyrkjer i Hjelme og Blomvåg sokn. To av kyrkjene er i vanleg bruk medan Hjelme gamle kyrkje for tida er stengt for allment bruk. Det er også gudstenester i bedehus ved einskilde høve.
Blomvåg kyrkje er frå 1931 med 270 sitjeplassar. Kyrkja vart rehabilitert i 2010 og benkane vart skifta ut med stolar. Hjelme kyrkje er frå 1971 med 340 sitjeplassar. Denne kyrkja hadde eit større vedlikehald i 2011 og fekk stolar i staden for benkar. Hjelme gamle kyrkje er frå 1875.
Gudstenesteturnusen er frå 1968 og set opp 36 forordna gudstenester i kvart sokn i året. Kyrkjene har gudsteneste omlag annankvar søndag med tillegg av ein del kveldsgudstenester. Kyrkjesøknaden er god.
Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar inn til månadlege samlingar. Prostiet har eigen prostiprest. Prostiet er eit eige beredskapsområde. Soknepresten vert avlasta ved bruk av prostipresten og andre prester i prostiet.