Konfirmasjon

Hjelme og Blomvåg sokn

I Hjelme og Blomvåg sokn vel dei aller fleste kyrkjeleg konfirmasjon. Ordet konfirmasjon kjem av det latinske verbet confirmare, som betyr å styrke, stadfeste eller «å gjere sterk».

Konfirmasjon er ein gamal tradisjon. I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling som stadfestar løftene Gud gav då du vart døypt. I konfirmasjonstida lærer du kva kristen tru har med ditt liv å gjere.

Konfirmasjonstida er ei spanande tid. Det gir moglegheit til å finne ut meir om den kristne trua, få svar på spørsmål, til å ha det kjekt saman og kanskje bli litt utfordra? Konfirmantopplegget i Hjelme og Blomvåg sokn består av undervisning, gudstenester og ein klubb som du veljer å delta på.

Her kan du velje mellom KRIK, Gospel Teens, Refuel og Ahava. I tillegg reiser vi sjølvsagt på konfirmantleir.

For informasjon om konfirmantopplegg, tidspunkt for konfirmasjon med meir kan du kontakta kyrkjelydspedagog Hogne Berland på mobil 986 83 424, eller kyrkjekontoret på telefon 400 03 316 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no 

Alle som vil konfirmere seg i kyrkja i Hjelme og Blomvåg sokn, må melde seg på via elektronisk skjema.

Kontakt