Her finn du konfirmasjonsdagane i kyrkjene i Sund. Sund sokn er "etter gamalt" delt inn i indre og ytre Sund, der "Indre Sund" soknar til Sund kyrkje i Klokkarvik og "Ytre Sund" soknar til Kausland kyrkje. Me har tatt utgangspunkt i dette når me har satt opp tidspunkt for konfirmasjon.
Alle som vil konfirmere seg i Sund eller Kausland kyrkje, må melde seg på via elektronisk skjema. (Påmeldinga opnar i mai)
2026
Sund kyrkje:
- Laurdag 2. mai: "Indre Sund" (Frå Forland og sørover, og langs heile austsida nordover)
Kausland kyrkje
- Søndag 3. mai: Telavåg
- Laurdag 9. mai: Glesvær, Eide, Spildepollen, Hammersland, Tofterøy, Steinsland, Hamre, Bakke, Berge og Vorland
I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag. Påmeldinga til konfirmantåret startar i mai.
Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta
Det vil bli ein til to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane.
Kva bygder som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er. Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.
Soknegrenser
Ungdommar frå gamle Tellnes barneskulekrins (Tellnes, Haganes, Dala, Trengereid, Kallestad) går nå på Skogsvåg barneskule/Sund ungdomsskule. Dei soknar likevel til Fjell kyrkje. Dersom dei ønskjer å ha konfirmasjonstida si saman med dei andre elevane på Sund u.sk., kan dei melde seg på som konfirmantar i Sund sokn. Dette er heilt valfritt.