Etter maten leikar vi avisleiken, og før eller etter bibelforteljinga leikar vi Politi og røvar, utan unntak! Då er det full fart gjennom gongane i kyrkjekjellaren, gensarar blir kasta, og det går med ein god del vatn etter at alle er tatt.
I tillegg er bordtennis, biljard og brettspel alltid populære aktivitetar. Tida flyg, og ofte har ikkje gjengen lyst til å gå heim når det er slutt. Sist var det ei jente som lurte på om vi ikkje kunne ha klubben oftare, kanskje annakvar veke? Ein annan forstod ikkje kvifor dei måtte dra heim etter berre to timar.
Betweensklubben er for barn frå 3. klasse og oppover, og vi møtest i kyrkjekjellaren i Sund kyrkje. Vi har plass til fleire! Sjå oppslag i kyrkja for komande datoar.