Temakveldar

Vel møtt til ulike temakveldar våren 2025!

Grønn plakat med fire foto, tre menn og en med en mann og kvinne. Tittel i beige over bildene.

16. januar i Sund kyrkje kl. 19: 
Kristenretten - 1000 år

Temakveld ved PhD Torgeir Landro, middelalderhistorikar og førsteamanuensis i samfunnsfag, no prorektor for forskning ved NLA Høgskulen. Torgeir Landro vaks opp på Landro i dåverande Fjell og bur no på Vik i Øygarden. Te, kaffi og samtale. Kvelden vert avslutta med enkel liturgisk kveldsbøn ved sokneprest Lars Arne Vik.

Foto: NLA

 

13. februar i Kausland kyrkje kl. 19: 
Eit samfunn for alle

Temakveld ved Sølvi Marie Risøy og Magne Bolme. Risøy er PhD, førsteamanuensis ved HVL, blind og hørselshemma, Bolme er lektor i historie og blind frå fødselen av. Dei er gifte med kvarandre. Saman står dei bak podcasten iBlinde. Denne kvelden vil dei snakka om utfordringar for blinde spesielt og funksjonshemma generelt i samfunn og kyrkje. Dei bur på Laksevåg, Sølvi Marie Risøy vaks opp på Landro i dåverande Fjell. Kaffi, te og samtale. Enkel liturgisk kveldsbøn v/spr Lars Arne Vik .

Foto: KABB/iBlinde

 

20. mars i Foldnes kyrkje kl. 19: 
Bibelundervisning med Hans Johan Sagrusten

Hans Johan Sagrusten (54) er bibelomsetjar og prest, forfattar og foredragshaldar og har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje. Han har skrive ei rad med bøker om Bibelen, blant andre bestseljarane Det store puslespillet (2014), RIK bibelbruk (2018) og Johannes’ openberring – ein samtidsvisjon (2022). Dei siste åra har han halde over 350 populærvitskaplege foredrag om Bibelen i kyrkjer, organisasjonar og institusjonar over heile landet.

Foto: Dan Akesel Jakobsen, Bibelselskapet

 

10. april i Sund kyrkje kl. 19: 
Kva veit vi om klimaendringane - skal kristne bry seg?

Temakveld ved PhD Olav Krogsæter, meteorolog som arbeider i Storm, kjem frå Sandnes og bur på Morland i Øygarden. Kaffi, te og samtale, enkel liturgisk kveldsbønn ved sokneprest Lars Arne Vik.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"