Vårmarknad på Kausland

Nok ein gong samla folk seg til vårmarknad i Kausland kyrkjelydshus. Det var laurdag 20. april, og alle gevinstane var gjort klare, anten dei hang på snorer langs den eine veggen eller dei var plasserte på bord langs med same veggen.

Inne i kyrkjelydshuset er det fullt av mennesker rundt bord, på veggen hhenger mstrikkede gensere, det er basar

Eit av borda bak i lokalet var fylt med lefser, lappar og andre ting ein kunne kjøpa. Tombola var det òg bakarst i lokalet, og fleire av ungane prøvde lukka der under vårmarknaden.

Framme i lokalet var det ein kafékrok der ein kunne få kjøpa kaffi og diverse kaker og bollar, og dei fleste var innom her og fekk seg noko å bita i. Men også denne gongen var salet av årar viktig, for ein god del av inntekta kjem frå dette salet. Det var to omgangar med åresal, og som vanleg var det nokon som var meir heldige enn andre når det galdt å kapra til seg gevinstar.

Mellom dei to åresala fekk diakon Torunn N. Utvær sleppa til med nokre velvalde ord til oppbygging. På slutten av vårmarknaden var det trekking av mange gevinstar på alle dei 95 loddbøkene som var selde.

Det viste seg at loddbøkene, åresala og kaféen til saman samla inn 65.000 kr. Desse pengane skal gå til diverse utstyr til kyrkjelydshuset, kanskje først og fremst utanfor huset, utan at heilt konkrete ting er nemnt. Og blir det pengar til overs vil dei gå til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.

For pengane som vart samla inn på vårmarknaden i fjor var det kjøpt inn kvite lamellgardiner. Dei vart hengde opp i vindaugo i kyrkjelydshuset dagen før vårmarknaden i år.

Olai Otterå

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"