Soknerådet har ansvar for det åndelege livet i soknet, avgjerdsmynde i ein del saker som gjeld gudstenester, og har ansvar for aktiviteten i kyrkja, m.a. utleige av kyrkja. Soknerådet er ansvarleg for konfirmasjonsopplæringa, for dåpsopplæring og for diakonien. Arbeidsfelta er med andre ord mange og utfordrande.
Sund sokneråd
Eit sokneråd er eit råd samansett av soknepresten og 4, 6, 8 eller 10 medlemmer valde for 4 år av og blant dei som har røysterett i soknet. Sund sokneråd har 6 faste medlemmer + soknepresten

Medlemmer frå venstre: soknerådsleiar Arne Bakke, nestleiar Øygunn Skodvin Prestegård, representant i fellesrådet Anne Grete Hareide, Fredrik Andreas Mortensen, Karen Helene Boga, sokneprest Lars Arne Vik og vararepresentant i fellesrådet Jan Tveit.