Barn og unge
Barn og unge i Sund sokn
Vi i Sund sokn har ulike barne- og familiearrangement i Kausland og Sund kyrkje; korarbeid, Betweensklubb og Myldredag. Vi ynskjer at alle som deltek i arbeidet vårt skal få kjenna seg velkomen og inkludert i fellesskapet. Vi håpar å få møta alle med respekt og at den enkelte blir sett. Det aller største ynskje vi har, er at Guds kjærleik skal bli formidla gjennom ordet, fellesskapet og i aktivitet. At barn, ungdomar og vaksne blir tryggare i trua si på Jesus og der fellesskapa våre er ein plass kor trua får gode vekstvilkår og det er rom for utvikling av heile mennesket. Det er også viktig for oss å byggje bru mellom generasjonane, difor har vi mellom anna myldredag; vi har så mykje å gi til kvarandre og å lære frå kvarandre