Nominasjonskomitéane sokna i Øygarden set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023.
Forslag på kandidatar til soknerådet kan innan 15. mars meldast til leiarane i nominasjonsnemndene:
- Sund sokneråd: Harold Trellevik, harold@trellevik.net
- Fjell sokneråd: Torbjørn Fjøren, torfjo@gmail.com
- Foldnes sokneråd: Kjell Fyllingen, kjellfy@gmail.com
- Landro sokneråd: Odd Angeltveit, od.ang36@gmail.com
- Hjelme og Blomvåg sokneråd: Øyvind Solsvik, oyvind.solsvik@outlook.com
Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.
Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.
Det er òg høve for ei nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.
Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.
Listeforslag kan leverast til kyrkjekontoret i Øygarden i Tytebæbrekko 2 på Straume.
Listeforslaga vert lagt ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn. Valråda avgjer innan 30. april om forslag til vallister kan godkjennast. Det vert opna for supplerande nominasjon dersom det berre er godkjent listeforslag frå nominasjonskomiteen eller det ikkje er godkjent noko listeforslag. Nærare informasjon om dette vil komme på nettsida vår.
Når listeforslaga er godkjende, vert dei lagt ut til gjennomsyn på nettsida vår. Frist for å framsette ei eventuell klage er sju dagar frå kunngjering av godkjenninga.
Kyrkjevalet finn stad (10.) 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.