Debatt om det livssynsopne samfunnet

Kyrkja er viktig og skal spele ei sentral rolle i samfunnet vårt. Dette var alle politikarane som var samla til debatt om det livssynsopne samfunnet i Foldnes kyrkje 24. august samde om.

Frå venstre: Frp. Anita Garlid Johannessen, H: Tom Georg Indrevik, SP: Sølvi Kobbeltveit, Ap: Marianne Bjorøy, Krf: Ingvild Blom, MDG: Andreas Ormevik, Sotralista/TVØ: Børge Haugetun og SV: John Morten Øvrebø

Debatten vart leia av redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf. - Er det gitt at kommunen skal leggje til rette for utøving av tru?, spurde ho politikarane.

-Det er bra å legge til rette for utøving av tru. Tru kan vere ei viktig drivkraft for menneske, svarte Andreas Ormevik frå MDG. – Eg støttar at vi skal vere eit livssynsope samfunn.

- Eg er vel den einaste her som har blitt velsigna inn i jobben, sa Tom Georg Indrevik (H). Han sikta til fellesgudstenesta i Sotra arena i 2020, der han som ordførar vart velsigna og bedt for av metodistprest Eirik Sjøstrøm i samband med kommunesamanslåinga. – Dette sa mykje om det opne samfunnet vi har. Vi skal legge til rette for eit tolerant og ope samfunn, ikkje eit nøytralt.

Fleire av politikarane kom inn på at dei kristne grunnverdiane er eit solid fundament som er godt for samfunnet vårt, og at kyrkja og den kristne trua er viktig for mange i Øygarden.

- Neste år feirar vi kristenretten, som har følgt oss frå 1024 år og fram til i dag, sa Ingvild Blom frå Krf. – Trua har djupe røter i samfunnet vårt. Gudstenester og møte med kyrkjerommet er viktig for mange. Vi må legge til rette for plass til tru, og å for å utøve tru.

- Tradisjonen er også viktig, sa Sp-politikar Sølvi Kobbeltveit. - Ein treng ikkje vere djupt religiøs for å anerkjenne at dei kristne verdiane er sentrale og at kyrkja har ei viktig rolle. – Men samfunnet har utvikla seg, og vi må også ta vare på andre trusretningar.

Også dei andre partia var opptekne av at kommunen også skal leggje til rette for minoritetar/andre trusretningar enn kristendomen.

- Det er viktig for meg at samfunnet er ope og inkluderande, og at ingen skal stengast ute, sa Marianne Bjorøy (Ap). Ho viste til at tru av og til kan tru føre til at nokon vert ekskludert. - Det støttar eg ikkje, sa ho. - Det er mange med andre trusretningar enn kristendomen i Øygarden. Vi må legge til rette for at desse og skal få praktisere si tru.

John Morten Øvrebø frå SV fortalde at han held gravferds-seremoniar for Humanetisk forbund. For å finne eigna lokale, må ein som regel reise til Bergen. Han la vekt på at eit livssynsope samfunn også må ha eit livssynsope seremonirom.

– Det er over 60 humanistiske konfirmantar i Øygarden. Vi manglar eit seremonirom der vi kan markere livsovergangane for andre enn trus- og livssyn enn det kristne.

Dei andre partia slutta seg til at det er behov for eit livssynsnøytralt seremonirom i kommunen, og at dette er noko kommunen må arbeide for å få til.

 Redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf leia debatten ved døpefonten i Foldnes kyrkje
Debatten vart leia av redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf

Kommunale løyvingar til kyrkja

I gjennomsnitt løyver kommunane i Noreg om lag kr. 600 pr innbyggar pr år til Den norske kyrkja. Øygarden løyver kommunen om lag kr 800 pr. innbyggar pr år.  Marit Kalgraf dreidde debatten inn på temaet økonomi.

-Vi gir der vi kan få mykje igjen for kvar krone, sa Tom Georg Indrevik (H). - Kyrkja har mange frivillige medarbeidarar som er med og bidrar til at løyvingane til kyrkja når langt. Frivilligheit og den tredje sektoren er viktig. Løyvinga til kyrkja er ei investering vi gjer i innbyggarane i kommunen. Vi får meir igjen enn om kommunen skulle ha brukt pengane i sine eigne budsjett.

- Vi ønskjer å bevare Den norske kyrkja som ei folkekyrkje, og har vore eining i at kyrkja skal ha sine midlar, sa Marianne Bjorøy (Ap).  Det handlar ikkje om politiske skiljeliner, men om at når barnehagar og skular må trekke ned, så må også kyrkja trekke ned.

Tom Georg Indrevik (H) var ikkje samd i at det ikkje er snakk om politiske skiljeliner. – Det er forskjellig prioritering, og det er ei skiljeline, repliserte han.

Børge Haugetun  (Sotralista/TVØ) meinte at kyrkja ikkje har romsleg økonomi. - Øygarden har ein desentralisert struktur, og det er ikkje snakk om at kyrkja har stordriftsfordelar ved samanslåinga, dei må snu på krona i kyrkja og, sa han.- Kyrkja har høg aktivitet og forsterkar verdiar vi er opptekne av i samfunnet vårt. Vi vil oppretthalde finansieringa for kyrkja.

Krf har programfesta at vi dei vil sikre at kyrkja får gode økonomiske vilkår. - Kyrkjer, forsamlingar og bedehus er opne og samlar hundrevis av ungdom kvar einaste helg., sa Ingvild Blom (Krf) Dei møter behov som kommunen ikkje greier å møte sjølv, og genererer eit enormt frivillig arbeid.

 

Utøving av tru i skulen

Det kan synest som det er større polarisering i samfunn som er større samfunn enn vårt eige. Kva kan vi gjere for å hindre ei slik utvikling her hos oss? Spurde debattleiar Marit Kalgraf.

-Enkelte delar av religionar har vore vanskeleg for samfunnet vårt slik det er i dag. Samtidig er det mange gode verdiar som er felles for kristendomen og andre religionar. Vi må byggje på verdiar som fremjer inkludering og likeverd, sa Andreas Ormevik (MDG).

Debattantane var vidare opptekne av at skulen er ein viktig aktør i arbeidet for å hindre polarisering og for å auke toleranse.

-Eg har respekt for at kristendomen står sterkt. Men det er ikkje naturleg at barn skal vere med på gudstenester i skuletida, sa Øverbø (SV). - Dei barna som ikkje skal vere med på gudsteneste skal ha eit likeverdig opplegg, men dette er ikkje så lett å tilby.

Øvrebø møtte motbør frå resten av panelet.

- Skulen skal vere ein arena der alle skal kunne vere seg sjølv og tru det dei vil, sa Ingvild Blom (Krf), som også er rektor på ein barneskule. - Eg kjenner meg ikkje igjen i at dei som ikkje er med på skulegudstenestene ikkje får eit likeverdig tilbod, sa ho. - Elevane treng også skyss til gudstenestene, og det er viktig og bra at dette er sikra.

- Skulen er ikkje den rette arenaen for å utøve trusritual. Vi skal ikkje legge til rette for bønerom på skulane, sa Sølvi Kobbeltveit (Sp). – Men vi skal vise toleranse og openheit. Barn som har ulik tru skal vere saman, og vi må jobbe med forståing og respekt. Om vi skjermar barn frå møte med kristendomen, korleis skal dei då lære og forstå?, spurde ho.

- For å behandle alle likt må vi ta utgangspunkt i vår eigen kultur og arv, sa Anita Garlid Johannessen frå Frp. Det er ikkje feil å løfte fram sitt eige i møte med andre. Det har vore ein tendens til å tone ned vår eigen kristne kulturarv, i frykt for å trø på andre. Skulegudsteneste skal vere obligatorisk for skulen men frivillig for borna. Skulegudstenestene inneheld skodespel og julesongar. Har barna vondt av det?

- Om ikkje skulane kan gå til kyrkja ein gong i året, så er vi komen dit at eit lite mindretal skal trumfe eit stor fleirtal, sa Tom Georg Indrevik (H). Det er ikkje rett. Vi må relatere oss til at konteksten vår er Øygarden, og her står kristendomen sterkt.

 

Samfunnsbygging og frivilligheit

Frivilligheit var også eit sentralt tema i debatten.- Korleis kan kommunen bruke Den norske kyrkja og andre trussamfunn og frivillige i samfunnsbygginga, spurde Marit Kalgraf

Alle partia gav uttrykk for at dei heiar på frivilligheita.

-Verdien av frivillige er uvurderleg og uerstatteleg, sa Anita Garlid Johannessen (Frp). -Her er kyrkja gull verd.

Sølvi Kobbeltveit (Sp) hevda at kommunen aldri kunne ha levert det dei frivillige leverer. Som døme brukte ho arbeidet på Basecamp. - Dei er der, og gir tryggheit når livet er vanskeleg. Det er så mange som treng eit menneske som kan vere der for dei. Ein del hadde ikkje greidd seg utan frivillige som stiller opp.

-Øygarden kommune har laga ein kultur- og frivillegplan, som det er tverrpolitisk semje om. Den tredje sektor (frivilligheita) er viktig, særleg når vi ser på demografiframskrivinga, sa Tom Georg Indrevik (H). – Kommunen skal framleis stå for dei tunge pleieoppgåvene, men skal vi kunne gje folk ei verdig eldreomsorg i framtida, treng vi hjelp frå frivillige til å skape gode tilbod rundt.

Også under frivillegdebatten vart økonomi eit tema.

-Vi heiar på frivilligheit, og støttar både Homestart og Basecamp, sa Marianne Bjorøy (Ap). Det er ikkje sterke politiske skiljeliner her, men vi er ueinige om summen.

- I kyrkja og dei ulike kristne forsamlingane er det meste av arbeidet som skjer basert på frivilligheit, sa Børge Haugetun (Sotralista/TVØ. – Dei tilsette utgjer eit mindretal i dei ulike aktivitetane, men dei er med og legg til rette. Både kyrkja og dei andre forsamlingane brukar innsamla midlar i arbeidet sitt. Dei har behov for dei midlane dei får.

- Også innan diakonien skjer det mykje frivillig arbeid, sa Ingvild Blom (Krf). - Fleire og fleire bur åleine, og det er mange som føler seg einsame. Her treng vi mange frivillige. Men det er også behov for løna medarbeidarar som kan legge til rette for frivilligheten.

 

Heilt til slutt var det litt tid til spørsmål frå salen.

-I kva grad ser de på kyrkja som ein ressurs som har kompetanse? Korleis kan kyrkja bidra, vart det spurt få salen.

-Kyrkja kan bidra med håp, svarte Andreas Ormevik (MDG). -Det står dårleg til med framtidstrua for mange unge i dag. Dei treng ein følelse av håp, uansett kva det dreiar seg om.

-Vi ønskjer at førstegongsforeldre skal få kurs, sa Ingvild Blom (krf). – Kyrkja kan bidra med sine ressursar på fleire område. Både prestar og diakonar møter til dømes menneske i sorg. Det er tilsette som tek med 2. klassingar på gravplassen og lærer dei om denne viktige delen av livet. Kyrkja sitt sorgarbeid er eit viktig bidrag.

- Vi ser kyrkja sitt bidrag heile tida i beredskapssituasjonar, sa Marianne Bjorøy (Ap). – Det opne kyrkjerommet er viktig i slike situasjonar. Kyrkja er ein institusjon som vi må ha og støtte opp om.

Også Tom Geort Indrevik (H) var oppteken av kyrkja si rolle i krisesituasjonar. – Kyrkja er med i kommunen sitt beredskapsråd. De er med når det verkeleg gjeld. Vi kan utvikle dette samarbeidet vidare, sa han. - Så kan kyrkja også utvikle eit program for unge vaksne. Ungdomen treng nokon som berre kan vere ein rein lyttepost.

-Kyrkja kan gjere seg endå meir aktuell, sa Sølvi Kobbeltveit (Sp).  – De kan spisse tilbodet endå meir inn mot utfordringar vi har i kommunen vår som einsemd. Det er for få tiltak inn mot unge vaksne.

Dette slutta Anita Garlid Johannessen (Frp) seg til. – Kyrkja trengs, sa ho. – Ver endå meir tydelege, så fleire kan sjå tilboda dykkar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"