Korleis møta kvarandre og vera ein god ven i sorga

Kjenner du nokon som har mista ein dei er glad i? Korleis visa omsorg og bry seg når nokon rundt oss sørger? Torsdag 27. oktober klokka 19 har vi temakveld om dette i Foldnes kyrkje.

Korleis møta kvarandre og vera ein god ven i sorga

Eli Landro kjem og har foredrag for oss. Ho vil mellom anna snakke om korleis det kan opplevast å bli enke/enkemann og gå frå å vera par til å bli femte hjul på vogna. Er det mogleg for oss som står rundt å invitere, bry oss, lage plass til dei som opplever døden i nær familie og omgangskrins?

Kva treng ein som sørgjer? Kan vi bli trygge i å møta venner og familie­medlemmer som er i sorg? Er vi redd for å trø feil?

Vi snakkar mykje om eit varmare samfunn og å ha omsut for kvarandre. Mange er gode på dette, Nokre gonger treng vi eit puff for å tørre å møte sørgande.

Vi ynskjer at denne kvelden skal vera med å oppmuntra oss til å ta nye steg i møte med nære som sørgjer.

Det vert vakker musikk og enkel bevertning. Her er både pårørande, venner og familie hjarteleg velkomne. Kom og bli med!

Temakveld om sorg vert årleg arrangert av Øygarden kyrkjelege fellesråd. Her gir vi også informasjon om sorggrupper som ein kan melde seg på same kveld, eller ved å ta kontakt med diakonane eller kyrkjekontoret på Straume. Telefon: 400 03 316, e-post:  post.oygarden@kyrkja.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"