Om Fjell kyrkje og tilgjengelegheit

Fjell kyrkje ligg på Fjell Gard og vart vigsla 28. august 1874 av biskop Birkeland. Ho er den eldste kyrkja i Øygarden kommune. I kallsboka vart det skrive; "Kirken ærklæres som en av de skjønneste landskirker i Riget" og me kan stadfesta at det er ei vakker kyrkje!

Fjell kyrkje på hausten. Flagget er heist opp, og trærene er gule, grønne og bare. Det er gråblå himmel.

Kyrkja er ei såkalla langskipskyrkje med 700 sitjeplassar, der alteret står lengst framme. Glassmåleriet som pryder kyrkja vart laga i England etter teikningar av Heinrich Oidtmann, lege i Linnich/Reihnland. Elles har kyrkja vakre veggmåleri. Ein kopi av ein Olavsfigur er plassert på veggen midt i kyrkja, originalen er av eiketre og står til vanleg på Historisk museum i Bergen. Kyrkja har og eit gamalt alterskap som vart funne i ei løe på Liaskjæret. Denne stammar etter alt og døme frå den eldste kyrkja i Fjell, (ca 1400-talet), og viser helgenane St.Olav og St. Sunniva. Inne i dette alterskapet er det sett inn ei altertavle frå 1843 som skildrar nattverden.

Kyrkja har to kyrkjeklokker med innskrift, laga ved Laxevaag Verft til vigslinga i 1874. Kyrkja er ei av få langskipskyrkjer i landet som ligg nord/sør. Kyrkja har vernestatus.

Adresse:
Kyrkjehaugen 2
5357 Fjell

 

Kyrkja er under renovering, kun kyrkjelydssalen er i bruk.

Adkomst:

  • Næraste busshaldeplass er Fjell kyrkje. Det tar ca. 1 minutt å gå frå busstoppet til kyrkja.
  • Parkering er ned bakken på høgre side ved kyrkja, tilkomst frå hovudvegen, følg skilt. Eller ved Fjell gamle skule (inn og forbi Rema 1000 sin parkering).
  • Under renoveringa er det ikkje eigne HC-parkerings­plassar.
  • Rullestolrampe på sørsida av kyrkjelydssalen. Den enklaste
    tilkomsten for rullestolbrukarar er porten vis-a-vis bensinstasjonen
    og gjennom gravplassen.


Kyrkjerommet:

  • Det er tre trappetrinn opp til alterringen.
  • Teleslynge er installert.


Kyrkjelydssal:

  • Det er eitt HC-toalett i kyrkjelydssalen.
  • Det er fleire toaletter i kjellaren til kyrkjelydssalen.
  • Teleslynge er installert.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"