Den nye kyrkja på Sæløy i Øygarden prestegjeld vart reist mellom gardane Sæle og Bakken sør for tettstaden Hellesøy, men fekk namn etter gamlekyrkja på Hjelme. Kyrkja er teikna av arkitekt Arne Halvorsen og vart vigsla av biskop Per Juvkam 13. juni 1971.
Kyrkja er ei arbeidskyrkje i betong, bygd i naustform. Det er 340 sitjeplassar. Ulike tilleggsrom som kjøkken, inngang, toalett og barnerom er lagde til eit tilbygg med flatt tak aust og dels sør for hovudbygningen.
Denne kyrkja hadde eit større vedlikehald i 2011 og fekk stolar i staden for benkar.
Adresse:
Hellesøyvegen 80
5334 Hellesøy
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.