Alle vindauga i skipet er teke ut. Arbeidet er vesentleg større enn venta, samla er vindauga no om lag 25 % av heile prosjektet. Det er større rustangrep enn venta, så jernsprosssene må sveisast på. Det er vesentleg meir rote i karmane enn det vi hadde venta. Blyet som held glasa på plass er ganske tynnslite og vil ikkje tole kitting. Tolv tusen seks hundre glas må ut og få ny blyinnfatning.
Isoleringa med papp og Glava har gjort stor skade ved altertavla/vinduet i koret. Ny løysing vil måtte bli noko enklare i høve til isolering, men målet er at det ikkje skal gå ut over vindgjennomtrenging i veggen.
Tilstanden på taket er betre enn forventa, og svinnet på skifer er veldig lite i høve til det som var teke høgde for. Skifertaket veg 17 tonn på den eine sida og 18 tonn på den andre sida. Dette er for tungt for konstruksjonen og takåsene har bøgd seg mykje under vekta. No kjem det mest sansynleg nye takåsar av limtre.
Bak den grønne presenningen er tårnet. Endane av åsane var sterkt råteskadd på grunn av vassinntrenging. Som biletet viser er taket rive bort til næraste sperr. Det er viktig å få bort all råte for å unngå smitte til friskt materiale.
Arvid Nese frå fellersådet dokumenterer arbeidet.
Denne søyla hadde store råteskader, no er all råte i søyla fjerna. Riksantikvaren godkjente at søyla kunne understøttast med betongfundament. Dette er første runde av støypinga.
Dyktige handtverkarar lagar trepluggar ved bruk av øks.
Det er forskjellig som dukkar opp under overflata. Her har nokon sove på jobb: "Du må vakne Edvard vi skal snart heim".