Bestilling av vigsel
Det første de treng å få avklart når de skal gifte dykk i Den norske kyrkja i Øygarden, er om datoen og kyrkja de ønskjer er ledig. Då tek de kontakt med Øygarden kyrkjekontor.
Når de har fått stadfesta tid og kyrkje, får de eit skjema tilsendt som må de sende inn som skriftleg bestilling av vigsel. Ferdig utfylt skjema kan sendast på e-post eller brev til Kyrkjekontoret.
Hovudreglar for bestilling av vigsel
Tidspunkt
Vi har 3 faste tidspunkt for vigsel på laurdagar:
- Kl. 13.00
- Kl. 14.15
- Kl. 15.30
Det går også fint an å gifte seg ein annan dag enn laurdag. Ta kontakt med kyrkjekontoret, så finn vi ei tid som passar.
Kyrkje
Vi har sju kyrkjer, og de kan fritt velje kva kyrkje de vil gifte dykk i.
- Kausland kyrkje
- Sund kyrkje
- Fjell kyrkje
- Foldnes kyrkje
- Landro kyrkje
- Blomvåg kyrkje
- Hjelme kyrkje
Prest
De kan kome med ønskje om å ha eigen prest. Då må den presten ta kontakt med soknepresten i god tid før bryllaupet, for å få ei godkjenning til å kunne vie dykk.
Betaling for kyrkje, organist og kyrkjetenar
Det kostar ikkje noko å gifte seg i ei av våre kyrkjer dersom ein eller begge av brudeparet er busett i Øygarden og ein eller begge av dykk er medlem i Den norske kyrkja, det vil seie har folkeregistrert adresse i Øygarden når dei skal gifte seg.
Sjå betalingssatsar under «Betaling for vigsel» dersom
- ingen av brudeparet er busett i soknet, dvs. folkeregistrert adresse i Øygarden kommune, når de giftar dykk. Då må de betale leige for kyrkje, organist og kyrkjetenar.
- ingen av brudeparet er busett i Vesthordland prosti, dvs. folkeregistrert adresse i Øygarden eller Askøy kommune. Då har prestane høve til å krevje inn betaling for bryllaupet, i tillegg til betaling for kyrkje, organist og kyrkjetenar.
- ingen av brudeparet er medlemer i Den norske kyrkja. Då må de betale for kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar
Vigselspapir
Brudeparet må sjølv skaffe dei skjema som skal fyllast ut. Papira finn de på Skatteetaten sine nettsider. (Sjå nederst på sida)
- Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra
- Forlovarerklæring
- Erklæring om skifte, dersom ein har vore gift før
- Melding om endring av namn
Brudeparet må sjølv sende inn ferdig utfylte skjema til det lokale skattekontoret. Felles telefonnummer til alle skattekontora er: Tlf. 800 80 000
Vigselsamtale
Den presten som skal vie dykk, tek kontakt med dykk ca. ein månad før bryllaupet og avtaler tid og stad for vigselsamtale og eventuell øving i kyrkja før bryllaupet. I vigselsamtalen blir brudeparet einige med presten om oppbygginga av seremonien. Det er mange alternativ for deltaking både for brudeparet og for resten av brudefølgjet.
Brudefølgjet kan i stor grad medverke i vigselen, blant anna i dei liturgiske ledda og med eigne innslag i form av til dømes musikk eller opplesing.
Pynting av kyrkjene
Ved vigsel er kyrkjene enkelt pynta med blomster på alteret. Dersom de ønskjer å pynte meir sjølv, ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor, så kan vi vidareformidle kontakt med kyrkjetenaren i den kyrkja de skal gifte dykk i.
Enkelt bryllaup
Ein treng ikkje velje eit stort bryllaup. Dersom de ønskjer eit enkelt bryllaup, så er dette fullt mogleg. De kan til dømes gjerast på kyrkjekontoret eller i kyrkja, med berre prest og forlovarar til stades. Ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor, så kan de sjølv avtale med presten korleis de vil gjere det.
Brudeparbibel
Vi i Øygarden ønskjer å gje dykk ein brudeparbibel i gåve. De kan velje mellom nynorsk og bokmål. Bibelen får de på sjølve dagen.
Prøvingsattest
Brudeparet vil få ein signert kopi av prøvingsattesten av presten på sjølve dagen. De vil etter ei tid få tilsendt Vigselsattest frå Skatteetaten.