Kva er diakoni?

Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja. Omsorga visast gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Visjonen for den diakonale tenesta til Den norske kyrkja er: Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjord gjennom liv og teneste.

Diakon spiller spill med to ungdommer

Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorga for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom. Diakonien er både ein grunntone i alle forhold i kyrkjelyden, og vert konkretisert i eigne tiltak. Diakonien har eit særskilt ansvar der få eller ingen bryr seg. Likeverd og respekt for kvarandre si verdigheit er grunnleggande. 

Ordet diakon kommer av det greske ordet “diakonos” som på norsk gjerne vert oversett til tenar. I følgje Bibelen nytta Jesus omgrepet “diakonos” om seg sjølv. Jesus er eit stort forbilde i måten han møtte menneske på. Diakoni er både å vere og gjere, og er ein del av det å vere eit truande menneske. Slik som Jesus ga seg sjølv for oss, skal vi gi våre liv tilbake til andre. 

Diakonien er forankra i trua på Den treeinige Gud. Mennesket er skapt i Guds bilete til å vere medmenneske. Å gjere trua verksam i handling er å spørje på ny og på ny: «Kven er nesten min? Det er også å stille seg til disposisjon, både som fellesskap og enkeltperson og spørje: "Kva vil du eg skal gjere for deg?" Alle menneske er overgitt til kvarandre og er avhengige av kvarandre og av jorda. Ingen lever av seg sjølv eller for seg sjølv. I kraft av skapinga er oppdraget til alle menneske å forvalte skaparverket og leve i nestekjærleik med kvarandre.

Ein diakon er leiar av kyrkja sitt omsorgsarbeid. Diakonen har sin identitet i kyrkja, og arbeider for menneska sitt beste i lokalmiljøet, ofte i samarbeid med offentlege og frivillige instansar.

Her kan du lese meir om diakoni i Den norske kyrkja

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"