Velkomen til dåp!

Alle er velkomne til dåp, både barn og vaksne. Når eit barn blir boren til dåp, blir vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Dåpen er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å fylgje barnet alle dagar.

Vi har elektronisk påmelding til dåp. Klikk på "Påmelding til dåp" knappen under og legg inn registreringa og ønsket ditt. Skulle ein ikkje ha bornet sitt fødselsnummer så legg du inn ditt eige. Det er mogleg å logge seg inn igjen i skjemaet for å etter-registrere faddere eller anna. Vi sender ein bekreftelse på sms når vi har mottatt det digitale skjemaet. Halvanna veke før dåpen tek prest kontakt med Dykk for å avtale dåpssamtale.

Dåpssamtalen er anten i kyrkja, via telefon eller på kyrkjekontoret. Her går ein gjennom kva dåp er, og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga. Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventuelt andre ting vert avklart. Dersom de ikkje har dåpskjole, kan de låne ein av oss i kyrkja. Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller kanskje vil nokon i familien lese ein av dåpstekstane frå Bibelen?

Artikkelsnarveger

Sitat

Jesus seier: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.»

Evangeliet etter Markus, kapittel 10, vers 14.