Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, Gud og kristen tru, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Vi har eit variert konfirmantopplegg, og som konfirmant vel du ei gruppe som du følgjer gjennom året. Nokre døme på slike grupper er klubb, film, kunst, friluft og leir.

I tillegg er konfirmantane med på gudstenester, Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon og nattcup i Sparebanken Møre Arena.

Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapte, elska, frelste og haldne oppe ved Guds kjærleik. Konfirmantane skal arbeide med eiga tru og undring gjennom samtale og refleksjon.

Konfirmasjonsgudstenestene på Sula er den fyrste og andre helga i mai. Påmelding til neste konfirmantår startar i juni.


Artikkelsnarveger