Fadrane skal vere vitne om at barnet døypast. Som fadrar får dei del i eit viktig ansvar. Det kan vere å ha eit spesielt auge til barnet når han eller ho veks opp. Som å hugse på barnet på fødselsdagen og dåpsdagen, eller følgje dei på arrangementer i kyrkja. Dei vert også oppfordra til å be for barnet, og lære barnet å be.
Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Fadrane må ha fylt 15 år, og vere medlem av Den norske kyrkja. Hvis dei ikkje er medlem av Den norske kyrkja, kan dei også vere fadrar om dei ikkje har motførestillingar knytt til barnedåp. Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring.
Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka. Det er ikkje mogleg å stryke eller legge til nokon i ettertid.
Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.
Å vere fadder medfører ingen juridiske plikter, som til dømes å skulle overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr.