Langevåg kyrkje har 75 års jubileum i år 2023. Dette skal feirast!
Søndag 11.juni er det jubileumsdag og vi har eit spennande program på agendaen:
Kl. 15.00
Middag for spesielt inviterte på Utsikten på Devoldfabrikken. Arne Lerheim fortel om då kyrkja vart til. Per Kåre Volle fortel om den omfattande oppussinga som vart gjort tidleg på 2000-talet.
----------
kl. 18.00
FESTGUDSTENESTE FOR ALLE i Langevåg kyrkje. The Brazz Brothers, Langevåg musikkorps og Scala Brio tek del saman med kantor Sveås og sokneprest Barstad. Mellom anna blir det framføring av jubileumssongen "Ein stad å kome heim". Kyrkjekaffi med stort kakebord etter gudstenesta.
kl. 20.00
JUBILEUMSKONSERT FOR ALLE med The Brazz Brothers i Langevåg kyrkje.
Vi håpar på full kyrkje og skikkeleg god stemning.
Sjekk gjerne ut arrangementsida og registrer deg der:
(1) Langevåg kyrkje 75 år - festgudsteneste og gratiskonsert med The Brazz Brothers 😊🎶💒 | Facebook
Velkomen!