Eg er litt “lost”
I desse underlege dagane har ei andakt Karsten Ischasen skreiv for mange år sidan, dukka opp i hovudet mitt. Det handla om Lundefuglmora. Mens ungen fortsatt er i egget, lærer ho å kjenne igjen skriket til barnet. Fuglemora kan derfor finne igjen barnet sitt sjølv om det roter seg bort i det
kaotiske og enorme fuglefjellet.
Alle som har blitt livredde når eit lite barn forsvinn mellom reolane på Moa, kan forstå kor praktisk dette er. Mens vi må virre fortvila rundt å leite, kan Lundefuglmora sveve over kaoset, kjenne igjen skriket til ungen, og stupe ned på rett stad.
Kanskje kjem eg på denne andakta no fordi eg har ei uro eg ikke har kjent før. Eg er litt “lost”
- denne sjølvsagte tryggleiken det kvardagslege og normale gir, er borte. Korleis blir utfallet av dette?
I Bibelen er fuglemoras beskyttande omsorg for ungen eit bilete på Gud. Eg har ingen teoretisk forklaring på kva det betyr, men biletet gjev ro midt i uroa.
Bønn:
Å Kristus,
Medan vi framleis leitar etter deg,
Har du funne oss.
Same kor fattig vår bøn er,
høyrer du oss betre enn vi kan tenkje oss eller tru.
(Etter Broder Roger, Taizé. Omsett av Oskar Stein Bjørlykke 1999)
Andakt av Sokneprest Anders Grytten