– Vi er veldig glade for alle bidraga som har kome, både i form av pengar og frivillig innsats, seier diakon Ingvild Snipsøyr. Saman med fleire tilsette ved kyrkjekontoret organiserte ho innsamlinga. Frivillige og konfirmantar deltok i aksjonen tysdag ettermiddag og kveld.
Kvart år dør enn 1 million menneske dør som følgje av mangel på reint vatn og dårlege sanitærforhold. Over 884 millionar menneske har ikkje tilgang til reint vatn. Dette vil Kirkens Nødhjelp gjere noko med.
– Sjølv om vi ikkje nådde målet på 100 000 kroner i år så er vi godt nøgde med pengane som kom inn. Kvar krone gjer ein forskjell for dei som treng reint vatn. Takk til alle som på ein eller annan måte har bidrege i fasteaksjonen! seier Snipsøyr på vegne av dei som har jobba for å gjennomføre innsamlinga.