Fasteaksjonen - digitalt i staden for dør til dør

Er det mogleg å redde like mange liv med innsamling på internett, som ved å banke på kvar dør? Reint vatn til flest mogleg! Det er det store, overordna målet for Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon.

Fasteaksjonen - digitalt i staden for dør til dør

Digitalt i staden for dør til dør!

Er det mogleg å redde like mange liv med innsamling på internett, som ved å banke på kvar dør?
Reint vatn til flest mogleg! Det er det store overordna målet for Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon, fortel ei engasjert Ingvild Snipsøyr. Ho er diakon i Sula kyrkjelyd, og har hovudansvar for den årlege innsamlingsaksjonen i Sula, også kalla Fasteaksjonen. 

- Vanlegvis sender vi ut vel omtrentleg hundre bøssebørarar - konfirmantar og andre frivillige - til å gå ut til kvar husstand i Sula. I år blir det annaleis, med digital innsamling i fleire kanalar, som til dømes Vipps. - Sidan koronaviruset ikkje kjenner landegrenser, er det ekstra kritisk å sørge for vatn til dei fattigaste i år. Tenk deg at du, særleg i desse smittetider, ikkje hadde reint vatn til å vaske hendene, seier June Skodje Skaar. Ho er engasjert i aksjonen som frivillig, såkalla KN-kontakt i Sula. 

- I år er innsamlingsaksjonen heilt og fullt digital, for å unngå meir spreiing av smitte, avsluttar Ingvild Snipsøyr. Fasteaksjonen foregår søndag 29. til tysdag 31. mars, men det er alt no mogleg å gi til aksjonen. 

Skriv under for rettferd

Mykje av vassmangelen i verda skuldast den aukande klimakrisa. Kirkens Nødhjelp samlar inn underskrifter i tillegg til pengar. - Dei rike landa har bidratt mest til å skape klimakrisa. Dei fattige blir hardast ramma. Pengane våre gjer at vi kan beskytte oss mot klimakrisa betre enn til dømes Malawi og Somalia, seier June Skodje Skaar. Ho oppfordrar alle til å signere Kirkens Nødhjelp (KN) si underskriftkanpanje for klimarettferd. - KN vil at Noreg skal gi meir pengar til fattige land for at dei skal kunne redde liv frå klimakrisa. I følgje utrekningar gjort av forskarar (Norway`s Fair Share) gir Noreg i år berre 3 prosent av det som hadde vore rimelig å forvente.

Hårete mål - som ifjor

- Sjølvsagt håper vi at sulalenningane let seg engasjere og gi, sjølv om vi "berre" samlar inn digitalt! seier diakon Ingvild Snipsøyr. Kirkens Nødhjelp arbeider med vatn, hygiene og sanitær til dei som treng det mest i 31 ulike land. Fasteaksjonen for heile landet håper å samle 20 million kroner til dette arbeidet i år, omtrent som snittet for dei tre siste åra. 
På Sula håper Snipsøyr og Skaar på å samle inn i overkant av 90.000 kroner, også det omtrent som dei siste åra.
 - Alle gåver, uansett kva digital kanal ein gir på, registrerast som gåver frå Sula, seier dei to - med godt håp om reint vatn til flest mogleg.

(Artikkel frå Sulaposten torsdag 26.03.20)

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein kan gi til årets fasteaksjon på følgande måtar:

VIPPS TIL 2426    -   SMS VANN TIL 2426 (200 KR)   -   GI VIA KONTO 1594.22.87493

eller via innsamlingsaksjon på facebooksida til Sula kyrkjelyd

Alle bidrag hjelp! Takk for støtta di!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"